Hopp til innhald

Fagstoff

Storleikar, måltal og måleiningar

Kva er eigentleg ein storleik?

Ein storleik består av eit måltal og ei måleining som vi måler storleiken i. I tillegg bruker vi ofte eit symbol for storleiken.

Døme: strekning, tid og fart

Bilar i kø på motorveg. Biletet er teke frå ein av bilane. Foto.

Du har vore ute og øvingskøyrt med bil. Du har køyrt ei strekning på 20 km i løpet av ein halvtime.

I dette dømet er det to storleikar: ei strekning og ei tid. Strekninga har måltalet 20 og måleininga km (kilometer). Ofte bruker vi symbolet s for strekning.

Kva er måltalet og måleininga til tida?

Svar

Tida har 0,5 som måltal og h (timar) som måleining. (Kvifor heiter måleininga for timar h?) Vi bruker ofte symbolet t for tida.

Speedometer som viser hastigheit på snaut 50 kilometer i timen. Foto.

Vi ønskjer å rekne ut kva farten på køyreturen blir i gjennomsnitt. Fart er ein storleik der vi ofte bruker symbolet v. Brukar vi symbola s og t for strekning og tid, blir formelen for farten

v=st

Gjennomsnittsfarten blir

v=st=20 km0,5 h=40 kmh

Ofte skriv vi svaret med skråstrek: 40 km/h. Hugs at både brøkstrek og skråstrek betyr "delt på".

Kva blir måltalet og måleininga til farten her?

Svar

Storleiken fart har her måltalet 40 og måleininga km/h.

Legg merke til at når vi tek med måleiningane i reknestykket, får vi automatisk måleininga til svaret.

Rekning med måleiningar i GeoGebra

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive 20 k m delt på 0,5 h. Svaret er 40 multiplisert med k m delt på h. Skjermutklipp.

Vi kan leggje inn reknestykket inkludert måleiningane i CAS i GeoGebra, og GeoGebra vil rekne ut både måltalet og måleininga for oss.


Vekt og pris

Eple. Foto.

Tenk deg at du er i butikken og skal kjøpe ein sekk med eple. Ein pose med 4,5 kg eple kostar 90 kr. Her har vi to ulike storleikar, vi har vekt med måltalet 4,5 og måleininga kg, og vi har pris med måltalet 90 og måleininga kr.

(I fysikk vil vi oftast kalle det vi i daglegtalen kallar vekt, for masse, som er meir korrekt.)

Kan du ut frå teksten finne ein storleik til?

Svar

Dersom vi deler prisen på vekta, får vi kiloprisen med måltalet 20 og måleining kr/kg:

90kr4,5kg=20kr/kg

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Tove Annette Holter.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Måleiningar