Hopp til innhald

Fagstoff

Måleiningar for volum

Skal vi måle volumet av ein romfigur i kubikkcentimeter, cm³, eller skal vi bruke liter eller kanskje desiliter?

Metriske einingar

Ein blå kube. Foto.

Ein terning med sidekantar 1 cm, har eit volum på 1 kubikkcentimeter, 1 cm3.

Ein terning med sidekantar på 1 meter har volum på 1 kubikkmeter, 1 m3.

Ein terning med sidekantar på 1 desimeter har volum på 1 kubikkdesimeter, 1 dm3.

Ein terning med sidekantar på 1 millimeter har volum på 1 kubikkmillimeter, 1 mm3.

Eit kvadrat er delt opp i 100 små kvadrat. Sidekanten i det store kvadratet er 1 desimeter. Arealet av eit lite kvadrat er 1 kvadratcentimeter. Illustrasjon.

I kvar rute i diagrammet til høgre kan vi leggje ein terning med sidekantar lik 1 cm. Vi ser diagrammet rett ovanfrå. Det er plass til  10·10=100  terningar.

Dersom vi legg 10 lag med terningar oppå kvarandre, får vi ei høgde på 10 cm som er lik 1 dm. Det blir til saman  100·10=1 000  terningar.

Det er altså plass til 1 000 terningar med sidekantar på 1 cm i éin terning med sidekantar på 1 dm.

Det betyr at

1 dm3=1 000 cm3  og  1 cm3=11 000dm3=0,001 dm3

Tilsvarande er 1 m3=1 000 dm3  og  1 cm3=1 000 mm3.

Omgjering av metriske måleiningar for volum

Når vi gjer om mellom dei ulike metriske volumeiningane, må vi hugse på at vi må gonge med 1 000 for kvart "steg".

Døme

2,3 m3=2,3·1 000 dm3=2 300 dm32,3 m3=2,3·1 0002 cm3=2 300 000 cm32,3 m3=2,3·1 0003 mm3=2 300 000 000 mm3

4 500mm3=4 5001 000 cm3=4,5cm34 500mm3=4 5001 0002 dm3=0,004 5dm34 500mm3=4 5001 0003 m3 = 0,000 004 5m2

Når vi set opp måleiningane for volum etter kvarandre som i tabellen nedanfor, kan vi ha som hugseregel at vi må gonge med 1 000 når vi går éin plass til høgre i tabellen (vi flyttar kommaet tre plassar til høgre), og vi må dele med 1 000 når vi går éin plass til venstre (vi flyttar kommaet tre plassar til venstre).

m3

dm3

cm3

mm3

2,3

2 300

2 300 000

2 300 000 000

0,000 004 5

0,004 5

4,5

4 500

Måleininga liter

Frå dagleglivet er du nok meir vand til å bruke måleininga liter (L) for volum. Det gjeld til dømes om det er mjølk som ein del i matoppskrifter, eller om det er bensin som skal kjøpast til mopeden.

Samanhengen mellom liter og måleiningane kubikkmeter, kubikkdesimeter og så vidare, er at 1 liter er definert lik 1 dm3. Det vil seie at 1 liter er det same som 1 kubikkdesimeter.

Ein kartong lettmelk, eit rektangel som det står 1 liter er lik 1 kubikkdesimeter inni, og ein blå kube med sidekantar 1 desimeter. Illustrasjon.

Sidan 1 m3=1 000 dm3 betyr det at ein mjølketank på 3 kubikkmeter inneheld 3 000 liter mjølk!

Litermål med hank i plast. Foto.

Frå dagleglivet er du kjend med litermålet. Du er kanskje òg kjend med at ein liter blir delt inn i desiliter, centiliter og milliliter, der

1L  =  10 dl=100 cL=1 000 mL1 dl = 10 cL = 100 mL1 cL = 10 mL

Det er viktig å merke seg at der vi må gonge med eller dele på 1 000 m når vi gjer om mellom dei metriske volumeiningane, må vi gonge med eller dele på 10 mellom kvart trinn når vi gjer om mellom dei ulike litereiningane.

Presisjon og målenøyaktigheit

Reglane for gjeldande siffer er dei same når det gjeld volum som når det gjeld areal. Hovudregelen er at vi bruker like mange gjeldande siffer som det måltalet med færrast siffer. Her bruker vi òg stort sett alltid minst to siffer, og av og til lèt vi den sunne fornufta vinne.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Måleiningar