Hopp til innhald

Verktøy og mal

Arbeidsavtale – praksisavtale

Mange skular har utarbeidd eigne avtalar med praksisbedrifter. Viss ikkje skulen din har gjort det, er dette eit forslag til innhald i ein slik avtale.
To hender som handhelser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsavtale – praksisavtale

Avtale mellom *praksisbedrift* og *vidaregåande skule* om praksisplass for følgjande elev:

Avtalen gjeld for perioden f.o.m. t.o.m.

Arbeidstid (tal timar): 7,5 Veker/vekedagar:

Kontaktperson hos praksisbedrifta

Namn:

Telefon:

E-post:

Kontaktperson på skulen

Namn:

Telefon:

E-post:

Eleven pliktar i praksisperioden å

  • møte presis
  • gi beskjed til kontaktpersonen sin i praksisbedrifta om fråvære ved sjukdom / andre forhold
  • overhalde arbeidstida
  • følgje sikkerheitsreglane som gjeld i praksisbedrifta
  • utføre avtalte oppgåver
  • halde avtalar
  • overhalde teieplikta
  • orientere seg i praksisbedrifta
  • levere skriftleg tilbakemelding frå praksisperioden til faglærar etter avtale

Kontaktpersonen hos praksisbedrifta blir beden om å

  • ta ansvar for oppfølging av eleven hos praksisbedrifta
  • gjere avtalar om arbeidstid
  • opplyse om sikkerheits- og arbeidsreglar
  • gjere seg kjend med eleven sin plan for praksisperioden
  • leggje til rette for og involvere eleven i arbeidet
  • gi nødvendig rettleiing og tilbakemelding i arbeidssituasjonen
  • gi eleven eit telefonnummer på arbeidsplassen der han/ho kan ringje for å gi viktige beskjedar
  • snarast mogleg melde frå til kontaktpersonen på skulen dersom eleven ikkje følgjer opp avtalen

Vi gjer merksam på at praksisbedrifta etter lov om yrkesskadeforsikring er ansvarleg for yrkesskadeforsikring. Normalt vil yrkesskadeforsikringa til praksisbedrifta òg dekkje elevar i praksisopplæring. Dersom eleven ikkje blir dekt av bedrifta si eiga forsikring, vil han eller ho vere dekt av yrkesskadeforsikringa til *fylkeskommune*.

Eleven, kontaktperson ved praksisbedrifta og kontaktperson ved skulen har lese avtalen og er samde om innhaldet.

For praksisbedrifta, kontaktperson, underskrift

Elev, underskrift

For skulen, kontaktperson, underskrift

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020

Læringsressursar

Logg og rapport