Hopp til innhald

Verktøy og mal

Døme på lære- og arbeidsplan for YFF

Mange skular har utarbeidd eigne lære- og arbeidsplanar for praksis i YFF. Viss ikkje skulen din har gjort det, er dette eit forslag til korleis ein slik plan kan setjast opp.
To personar jobbar framfor ein berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

ELEVENS LÆRE- OG ARBEIDSPLAN for yrkesfagleg fordjuping (YFF) på Vg1

Namnet til eleven:

Skuleår:

Prosjektnamn: praksis i bedrift

Utdanningsprogram: sal, service og reiseliv

Timar:

Ansvarleg lærar:

Utplassering følgjer skuleruta og skal gjennomførast i dette tidsrommet:

1. Føremål med yrkesfagleg fordjuping

Yrkesfagleg fordjuping skal gi elevane moglegheit til å prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag innan relevant utdanningsprogram, og få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan utdanningsprogrammet.

Faget skal gi elevane opplæring i aktiv deltaking i planlegging, gjennomføring og vurdering undervegs. Dette for at elevane skal få erfaring med dokumentasjonsarbeid og trening i eigenrefleksjon. Eleven sin dokumentasjon skal inngå som eit vedlegg til kompetansebeviset.

2. Kompetansemål

Kompetansemåla er henta frå læreplanen for: …

Her skal eleven, i samarbeid med skulen, skrive inn kva kompetansemål som gjeld for prosjektet, og konkretisere desse.

område (minst 2 mål skal veljast)
Målet for opplæringa er at lærlingen skal kunne …

område (minst 2 mål skal veljast)
Målet for opplæringa er at lærlingen skal kunne …

3. Grunnlag for vurdering

  • kompetansemåla for opplæring slik dei er beskrivne under punkt 2
  • heilskapleg kompetanse slik han er beskriven i målet med opplæringa
  • evne til samarbeid
  • vurderingar frå bedrifta
  • vurdering av innleverte arbeidsoppgåver/prosjekt/loggar

4. Plan for gjennomføring av utplassering

1. termin:

Eleven skal oppsøkje bedrifter og søkje om plass, med søknad, CV og eventuelt intervju.

Rapportar/oppgåver skal leverast inn: …

2. termin:

Prosjektrapport frå praksisopphald skal leverast inn etter avslutta praksisopphald. Innleveringsfrist: …

Rapporten skal framførast for klassen: …

I tillegg skal eleven skrive logg frå alle praksisdagane, med innlevering … i den aktuelle veka.

Planen er gjennomgått

Dato:

Lærar:

Elev:

Kontaktperson i praksisbedrift:

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020

Læringsressursar

Logg og rapport