Hopp til innhald

Verktøy og mal

Praksislogg for sal, service og reiseliv

Her er eit døme på korleis du kan skrive logg frå arbeidsdagane i praksis.
Ungdom i arbeid på kafè. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konkretisering av kompetansemål

Når du er i praksis, skal du velje ut nokre kompetansemål frå Vg3 som du skal fokusere spesielt på. Etter du har valt ut til dømes fem kompetansemål, må du konkretisere desse måla. Kva inneber dei for deg på praksisplassen din? Dersom du er utplassert i salsfaget og har valt kompetansemålet yte service, må du konkretisere kva det vil seie å yte service i den bedrifta du er utplassert i. Det kan til dømes vere at du smiler til kundane når dei kjem inn i butikken, spør om dei treng hjelp, osb.

Bruk bilete

Det er fint å leggje inn bilete i loggen som illustrerer arbeidsoppgåvene du har utført. Har du til dømes fått i oppgåve å lage eit varetorg, kan du ta bilete av det og setje det inn i loggen. Men hugs å avklare med arbeidsgivar at det er greitt at du tek bilete.

Praksislogg

Mal for praksislogg

Dato

Utfyllande svar

Andre kommentarar

Arbeidstid

Generelle arbeidsoppgåver denne dagen

Kva arbeidsoppgåver har eg utført innanfor dei utvalde kompetansemåla?

Første valde kompetansemål frå vg3
· konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Andre valde kompetansemål frå vg3
· konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Tredje valde kompetansemål frå vg3
· konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Fjerde valde kompetansemål frå vg3
· konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Femte valde kompetansemål frå vg3
· konkretisering av kva det inneber av arbeidsoppgåver for deg som elev

Nye arbeidsoppgåver som eg ikkje har utført tidlegare

Rettleiing eg har fått i dag

Samanheng med det eg har lært på skulen

Min eigen trivsel på arbeidsplassen

Anna eg vil fortelje frå dagen

I dag har eg lært

Filer

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020

Læringsressursar

Logg og rapport