Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn to rapportinnleiingar

Oppgåve

  1. Les innleiingane til to elevrapportar som handlar om ein fagleg ekskursjon til Lillehammer. Det er meininga at elevane skal skrive om både den faglege og den sosiale sida ved turen. Les gjennom utdraga og vurder innhaldet.
  2. Kva får du vite om ekskursjonen? Kva er hensikta med turen? Korleis blir personane presenterte? Er noko av informasjonen overflødig? Er det noko du saknar?
  3. Kommenter ordval og språkbruk i utdraga.
  4. Kva for ein av dei to innleiingene fungerer best i ein rapport? Grunngje svaret.

Innleiing 1

Turen starta klokka halv ni 17.9.2002, då lærarane fann fram dei dårlige og utslitne skulebilane sine. Vi kapra den fine raude Renaulten som Røkke (Rolf Einar) køyrde. Vi var Nils Petter, Hallvard, Marius, Ole Bjørn, Toni (ein av dei finske) og meg sjølv (Per Erik).

Turen starta «kjempebra» med at vi hadde ein del plunder med å starte den lånte bilen vår. Bakdøra var heller ikkje heilt villig til å lukke seg ordentleg. Men så kom vi då til slutt på vegen. Det einaste Røkke hadde noko å seie på, var at bilen var jævlig tung på styret, og at han nok kom til å få muskelkrampe i armane.


Innleiing 2

I tida 8.-24. september 2002 hadde klasse 2ENA fire elevar og ein lærar frå ein elektronikklasse i Finland på besøk. I samband med dette besøket drog vi onsdag 17. og torsdag 18. september på ein ekskursjon til Lillehammer. Dei som var med på ekskursjonen, var elevar i 2ENA, to lærarar frå elektro-avdelinga ved Kilden videregående skole og dei fire utvekslingselevane frå Finland med læraren sin.

Den første veka de finske elevane var her, teikna vi alle våre eigne krinskort. Så sendte vi desse teikningane til firmaet Capinor på Gjøvik, som skulle produsere korta. På ekskursjonen vår besøkte vi Capinor for å sjå korleis korta blei laga. Vi besøkte òg andre bedriftar og ein teknisk fagskule. I tillegg ville vi gjerne bli betre kjent med dei finske gjestane våre på turen.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Logg og rapport