Hopp til innhald

Fagstoff

LinkedIn og nettverk

LinkedIn er eit sosialt nettverk som blir mest brukt i jobbsamanheng. Det blir stadig vanlegare for arbeidsgivarar å nytte LinkedIn til rekruttering, og det kan vere det første møtet ditt med ein ny arbeidsgivar. Ein halvvegs profil gir sjeldan drømmejobben.
LinkedIn-logoen. Foto.

Fagfellesskap

Formålet med LinkedIn er å vere ein del av eit fagfellesskap der du kan finne jobbar, halde deg orientert i marknaden, tilsetje og bli oppdaga. Det er ein dynamisk arena der du kan engasjere potensielle arbeidsgivarar, kundar og samarbeidspartnarar.

Nettverket ditt

Nettverket ditt er ganske sikkert mykje større enn du trur. Nettverket ditt omfattar ikkje berre dei du kjenner, men vennene deira igjen. Eit nettverk blir fort stort. For kvar ny kontakt du får, blir kontaktane mangedobla i andre sine nettverk, og verdien av nettverket ditt veks over tid.

Eit døme: Du skal søke jobb på Kiwi og søkjer opp leiaren på LinkedIn. Der ser du at de har ein felles venn som kanskje kan hjelpe deg i jobbsøkarprosessen.

Viss du har sett NRK-serien Jorda rundt på 6 steg, ser du verkeleg kor korte avstandar det er mellom folk.

Nettverksbygging

Å byggje eit nettverk tek tid. Å byggje eit profesjonelt nettverk tek endå meir tid. Du kan få mykje att viss du tek deg tid til å lage ein god og oppdatert profil.

Nettverksbygging bør du begynne med allereie på vidaregåande. Arbeidserfaring og referansar kan du leggje inn i profilen din, og dessutan eventuelle anbefalingar du kan få frå dei du sit barnevakt hos, passar hundane til eller gjer andre småjobbar for. Viss du har arbeidserfaring, anten det er frå ein jobb eller ein organisasjon, bør du be om ein attest og ein referanseperson. Slike kontaktar er viktige for framtidig jobbsøking.

Med ein god Linkedin-profil gjer du deg søkbar for potensielle arbeidsgivarar. 50–70 prosent av alle jobbar blir truleg aldri lyste ut. Nettverket kan vere vegen til drømmejobben din. Tenk litt på kven du er relevant for, og ikkje berre kven som er relevant for deg.

Nettverk og relasjonar

Jobb systematisk med å knyte til deg fleire kontaktar enn du har i dag. For kvar kontakt du får, blir nettverket ditt mangedobla gjennom "venners venner-effekten". Bruk derfor tid på å sjå nærare på eige nettverk, og ikkje minst dei du ikkje har hatt så mykje kontakt med – det uoppdaga nettverket ditt.

Sjå rundt deg. Kva menneske inngår i nettverket ditt? Kven har du studert med? Kvar jobbar dei i dag? Sjølv om du ikkje har vore oppteken av å utvikle eit nettverk, har du eit nettverk rundt deg gjennom alle folka du har møtt på din veg.

Ikkje berre tenk på eige utbytte, tenk òg på kven du kan gi noko til – og ikkje minst kven du har i nettverket som kan støtte kvarandre. Hei på nettverket ditt og ver raus med kvarandre. Saman kan de stå sterkare, og det kan liggje mykje læring i å følge kvarandre, også i krevjande tider.

Mange unge har ikkje eit bevisst forhold til eige nettverk. Det er òg mange som misliker nettverksomgrepet og knyter det til businessverda og det å skaffe seg fordelar. Nettopp derfor er det viktig å mjuke opp omgrepet og snakke om relasjonar. Det er det dei beste nettverka handlar om: nokon du kan snakke fortruleg med om det som er utfordrande, både som jobbsøkar og i jobbrelasjonar.

Ver aktiv og oppdater CV-en din!

Det aller viktigaste du kan gjere, er å ta ei aktiv rolle og ikkje vente til ting går over. Begynn med å oppdatere CV-en din og reflektere over kva kompetanse du har. Ta med ting du har gjort den siste tida, kva du har lært, og kva du har hatt ansvar for. Ikkje gløym å ta med den digitale og sosiale kompetansen din. Få med alt du har gjort, og utdjup det som er mest relevant for framtidig arbeid.

Kvifor bør ein bruke LinkedIn?

  • Det er visittkortet for framtida – få oversikt over kva folk jobbar med.
  • Det gir deg ein dynamisk CV – legg inn nye erfaringar etter kvart.
  • Det er nyttig for jobbrekruttering – mange bruker LinkedIn for å finne kandidatar.
  • Du finn informasjon og jobbmoglegheiter, og du blir inspirert.
  • Du held deg orientert i den marknaden du er interessert i.
  • Det gir relasjonar og nettverksbygging – samle kontaktane dine for framtida.
  • Du kan bygge ei personleg merkevare og få fram kva du er god til og interessert i.
  • Søkemotoroptimalisering gir eit kontrollert positivt digitalt avtrykk.
  • LinkedIn kjem høgt opp på Google-søk.

Kurs

9 punkt om korleis du kan lage ein god Linkedin-profil

Kurset nedanfor viser skritt for skritt kva du må tenke på når du skal opprette ein Linkedin-profil. Det inneheld lenker du kan gå inn på om det er litt meir du lurer på.


CC BY-SASkrive av Silje Holteberg og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavar: UiA Karriere
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Søkje praksisplass