Hopp til innhald

Fagstoff

Jobbsøknad

Du kan gå fram på fleire måtar når du vil finne deg ein jobb, til dømes ringje eller møte opp personleg. Men ofte ønskjer nok arbeidsgivaren at du sender ein formell skriftleg søknad i tillegg.

Søknadsbrev og CV

Jobbsøknaden er ofte det første inntrykket arbeidsgivaren får av deg. Søknaden avgjer om du får kome til jobbsamtale, og kan hende avgjer han òg om du får jobben. Derfor bør du leggje arbeid i å få til ein god søknad.

Jobbsøknaden skal alltid setjast opp som eit formelt brev, og han skal ikkje vere for lang. CV-en er eit vedlegg til den skriftlege søknaden. Her gir du ein kort presentasjon av deg sjølv, di utdanning og arbeidserfaring. Du bør også ta med CV-en din når du oppsøkjer ein arbeidsgivar for å spørje om jobb.

Større bedrifter har til vanleg eit online søknadssystem som søkjarane skal bruke. Då fyller du ut eit skjema, men du må også skrive inn ein søknadstekst, og du må leggje ved CV-en din.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Søkje praksisplass