Hopp til innhald

Verktøy og mal

Utkast til informasjonsskriv til praksisbedrifter

Mange skular har utarbeidd eigne informasjonsskriv til praksisbedrifter. Viss ikkje skulen din har gjort det, er dette eit forslag til innhald i eit slikt skriv.
Fagbrev og verkstadgodkjenningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjonsskriv

Til praksisplassar

Om elevar i praksis

Eleven går no første året på programområdet sal, service og reiseliv ved … vidaregåande skule. Her får elevane eit grunnlag for å gå vidare innan salsfaget, reiselivsfaget, førstelinjetenester og sikkerheitsfaget.

Ifølgje læreplanen skal elevane få kjennskap til ulike sider ved arbeidslivet, mellom anna ansvar, rettar og plikter ein har som arbeidstakar. Vi meiner at utplassering i ei bedrift er ein god måte å nå desse måla på. Det gir dessutan elevane verdifull erfaring innanfor mange felt, og det hjelper dei med å sjå samanhengen mellom teori og praksis. I utdanninga blir det lagt stor vekt på service og kundebehandling.

I år vil utplasseringsperioden vere …

Eleven skal ha vanlege arbeidsdagar, fortrinnsvis på dagtid. Eleven har ikkje krav på løn, sidan dette er ein del av undervisninga. Eleven vil i praksisperioden få oppgåver som han eller ho kanskje vil trenge litt hjelp med å svare på. Skulen og eleven vil òg ha behov for ein kontaktperson i samband med utplasseringa.

Elevane vil i løpet av det første året tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer at dei òg kan bidra i arbeidet.

Dersom eleven ikkje blir dekt av bedrifta si eiga forsikring, vil han eller ho vere dekt av yrkesskadeforsikringa til … fylkeskommune.

Vi takkar for at de har høve til å ta imot ein av elevane våre.

Viss de har spørsmål, kan de kontakte skulen:



Beste helsing

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020

Læringsressursar

Søkje praksisplass