Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis kan det seiast betre?

Oppgåve

Les gjennom setningane nedanfor. I nokre av dei er det ord som er brukt feil, andre setningar er kanskje for lange eller tunge, eller uttrykksmåten er ikkje høfleg nok. Lag forslag til forbetringar!

  1. Eg viser til søknaden dykkar om ekstrahjelp i Adresseavisen 5. desember.
  2. Eg vender meg til annonsen i Nordlys 8.oktober og søkjer med dette den ledige stillinga.
  3. Eg søkjer om lærlingplass ved bedrifta dykkar, etter samtale med leiar for bedrifta, Viggo Hansen, som bad meg sende ein skriftleg søknad.
  4. Eg er 17 år gamal, og til dagleg speler eg fotball i Sporty Ballklubb og går på Verdal vidaregåande skole, Vg2 idrettsfag.
  5. Jobben trur eg vil passe meg bra, for eg er arbeidsam og har eit godt lag med menneske.
  6. Har tidlegare jobba to år hos baker Nalum og to somrar som is- og avisseljar frå båt, pluss ein del strøjobbar rundt om.
  7. Eg har òg hatt ein del andre småjobbar. For meir informasjon, sjå CV.
  8. Eg håper løna er grei og møter til intervju dersom det er naudsynt.
  9. Håper på eit positivt svar frå dykk så snart som mogleg. På førehand takk.
  10. Så eg smør meg med tålmod og håper på eit positivt svar.
  11. Eg håper at vi kan bli einige om jobben når de tar kontakt med meg.
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2019

Læringsressursar

Søkje praksisplass