Hopp til innhald

Fagstoff

Sjokolade- og karamellsaus

Sjokoladesaus er enkelt å lage og kan lagast av dei fleste typar sjokolade, frå dei bitre til dei søte. Karamellsaus er heller ikkje vanskeleg å lage.
Pære belle Hélène. Posjert pære med sjokoladesaus, vaniljeis og mandelflak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjokoladesaus

Sjokoladesaus består av mjølk/fløyte og sjokolade. Vi kan servere han over iskrem, kaker, frukt, bær, dessertar og sufflé.

Framgangsmåte sjokoladesaus

  • Kok opp mjølk/fløyte og rør inn sjokoladen.
  • Jamn eventuelt blandinga med litt maisennajamning.
  • Server sausen varm eller kald.

Karamellsaus

Karamellsaus består av sukker og vatn.

Framgangsmåte karamellsaus

  • Karamelliser sukkeret i ein tjukkbotna kjele.
  • Ha på vatn og kok inn til ønskt konsistens.
  • Avkjøl.

Fløytebaserte karamellsausar

Vi kan òg lage karamellsausar på basis av sukker, fløyte og smør.

Framgangsmåte fløytebaserte karamellsausar

  • Karamelliser sukkeret i ein tjukkbotna kjele.
  • Når sukkeret er gyllent, heller du fløyte over og rører med ei tresleiv.
  • Rør inn smør og set sausen til avkjøling.

Video

I denne videoen får du sjå korleis kokkane på Gastronomisk institutt lagar karamellsaus og ein sjokoladesaus.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Dessertsausar