Hopp til innhald

Fagstoff

Sabayonne og vaniljesaus

Den kanskje aller vanlegaste dessertsausen er den klassiske eggebaserte vaniljesausen.
Sabayonne blir helt over rips, bringebær, bjørnebær og blåbær i ei skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vaniljesaus er ei grunnoppskrift som kan varierast og smaksetjast på mange vis, med ulike krydder, likør og urter. Sabayonne er òg ein eggebasert saus som blir laga med kvitvin. Han er spesielt god til frukt og bær.

Framgangsmåte vaniljesaus

  • Kok opp mjølk med sukker og vanilje.
  • Slå eggeplommer og eventuelt egg lett saman før dei blir spedde med den kokande væska under kraftig pisking.
  • Hell massen tilbake i kjelen og varm opp blandinga. Rør i botnen med ein slikkepott til sausen er passe tjukk. NB: Sausen må ikkje koke!
  • Sil sausen og avkjøl.

Framgangsmåte sabayonne

  • Pisk eggeplommer og sukker til krem i vassbad.
  • Spe blandinga med kvitvin til ein kremaktig saus.
  • Server sausen varm eller kald.

Video

I denne videoen får du sjå korleis kokkane på Gastronomisk institutt lagar sabayonne og vaniljesaus.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Dessertsausar