Hopp til innhald

Fagstoff

Saftsaus og coulis

Coulis er ein tjukk, silt saus av frukt eller bær. Han er enkel å lage og smaker friskt og godt. Saftsaus er ein klassisk, enkel saus som er mykje nytta til riskrem og semulepudding.
Ei rekkje smale dessertglas står plasserte på eot bord. I kvart glas er det ein lys pudding med raud bærsaus oppå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte saftsaus

  • Bland saft, vatn og smak.
  • Kok opp blandinga.
  • Rør ut potetmjøl i litt kaldt vatn.
  • Trekk kjelen av plata og tilset jamninga i ein tynn stråle under omrøring.
  • Set sausen tilbake på plata for eit raskt oppkok, sausen skal berre tjukne.
  • Avkjøl sausen.

Framgangsmåte bærcoulis

  • Kok sukkerlake av vatn og sukker.
  • Mos friske/halvfrosne bær i ein hurtigmiksar.
  • Spe mosen med sukkerlaken.
  • Juster smaken og sil sausen.

Video

I denne videoen får du sjå variantar av saftsaus og bærcoulis.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Dessertsausar