Hopp til innhald

Råvarer og produksjon

Uansett om du vil bli kokk, servitør eller ferskvarehandlar, må du ha god kunnskap om ulike råvarer og tillagingsteknikkar, næringsinnhald og ein berekraftig produksjon.

Mettingsgarnityr

Mettingsgarnityret er den delen av måltidet som skal gjere deg mett, og det mest nytta er poteter, pasta, ris og brød. Det har òg vorte vanlegare å nytte andre typar mettingsgarnityr, som bønner, linser, couscous og polenta for å nemne nokre.

Ris

Det finst mange ulike typar ris. Ris kan vere lankorna eller rundkorna, polert eller upolert og kan nyttast til ulike føremål. Her skal vi sjå på nokre av dei vanlegaste tillagingsmetodane for ris.