Hopp til innhald

Fagstoff

Ris – dei ulike typane

Ris er eit mettingsgarnityr som finst i mange variantar. Sushiris, basmatiris og risottoris er nokre av typane.
Rispilaff på ein tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst ei mengde ulike typar ris. Kvar ein er i verda, påverkar korleis ein nyttar ris. I eit profesjonelt norsk kjøkken er ikkje ris det mest nytta mettingsgarnityret. I deler av Kina og resten av Asia er ris ofte sjølve hovudråvara.

Til liks med mjøl og korn har òg ris ulik grovleiksgrad, frå heilt polert kvit ris til upolert med skal på. Dei mørke variantane med skal på inneheld meir næringsstoff enn kvit polert ris.

Langkorna eller rundkorna ris, polert eller upolert

Ubehandla ris er omgitt av eit ytre hardt skal som ikkje eignar seg til å ete. Når dette skalet blir fjerna, får vi brun upolert ris eller naturris. Det meste av dei verdifulle næringsstoffa til risen, som fleire typar B-vitamin, finst i kimen og det tynne, brune frøskalet. Når det tynne brune frøskalet òg blir fjerna, får vi kvit ris. Då seier vi at risen er polert.

Langkorna ris som basmatiris og jasminris finst både upolert og polert. Risen klistrar ikkje ved koking og blir derfor vanlegvis nytta som middagsris.

Rundkorna ris blir nytta til til dømes risgraut, paella, risotto og sushi. Denne typen ris er ofte meir klistrete enn langkorna ris.

Ulike typar ris

Basmatiris

Basmatiris er ein type langkorna ris med mindre og smalare korn enn den vanlege langkorna. Basmatiris blir nytta mykje i det asiatiske kjøkkenet, har ein fyldig smak og blir ganske tørr og luftig i konsistensen.

Sjasminris

Sjasminris blir òg kalla parfymert ris. Korna er lange, men relativt små og lyse. Jasminris blir saftig og litt klistrete og har mykje aroma av sjasmin, derav namnet.

Fullkornris

Fullkornris er ei nemning på ris som går igjennom ei singelpolering. Dette sikrar at fleire næringsstoff blir igjen frå rårisen.

Risottoris

Risottoris er ein rundkorna ris, ofte sortane carnaroli, arborio eller vialone. Denne typen ris syg til seg masse væske, men kan likevel halde fasongen og gi litt tyggemotstand.

Sushiris

Det vi kjenner som sushiris, er ofte ein japansk rundkorna ris. Han blir litt klistrete og blir deretter behandla med eddik.

Grautris

Grautris er polerte og som regel rundkorna. Han jamnar seg ved koking. Vanlegvis nyttar vi grautris til risengrynsgraut, kokt på mjølk og servert med sukker, kanel og litt smør.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Ris