Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dekk eit bord etter tema og meny

Det finst mange måtar å dekke eit bord på. I denne oppgåva skal kvar elev dekke sitt eige bord etter oppgitt tema og meny.
Pent dekt bord med kvit duk, kvite serviettar og ein rosa peon som pynt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

I denne oppgåva får kvar elev tildelt eit tema og ein meny. Under finn de nokre forslag. Avhengig av klassestorleiken kan to elevar få same oppgåve, eller det kan skrivast fleire tema og menyar.

Kvar elev skal dekke og pynte slik at temaet enkelt kan kjennast igjen ved å sjå på bordet. Tema og fargar kan òg brukast i kuvertmenyen. Elevane vel sjølve om personen som skal bli feira, har spesielle interesser som skal komme fram gjennom dekoren, til dømes idrett, friluftsliv, musikk.

Det er viktig at elevane på førehand har gått gjennom skriving av kuvertmeny og korleis setje drikke til maten.

Forslag til tema og meny
Bryllaup

Hummarsuppe

Okse indrefilet, ovnssteikte grønsaker, peparsaus, fløytegratinerte poteter

Crème brûlée

Gullbryllaup

Krema blomkålsuppe, brød og smør

Heilsteikt svin indrefilet, steikte grønsaker, gulrotpuré, peparsaus, steikte potetbåtar

Tiramisu

Konfirmasjon 1

Krema fiskesuppe, brød og smør

Elgsteik, bakte rotgrønsaker, krema skogsopp, tyttebærsyltetøy, viltsaus, kokte poteter

Tarte tatin

Konfirmasjon 2

Kald laks, salat, urterømme

Lammesteik, steikte rotgrønsaker, raudvinssaus, steikte småpoteter

Heimelaga is med friske bær

50-årsdag

Reinsdyrcarpaccio

Omnsbakt kveite, grønsaker, sandefjordsmør, kokte poteter

Karamellpudding

Haustfest

Elgcarpaccio, sylta betar

Rosasteikt rypebryst, steikt sopp, tyttebærkokte pærer, krema rypesaus, omnsbakte poteter

Moltemoussekake med bjørnebær

Nyttårfest

Skogsoppsuppe

Elgbiff, brokkoli, gulrøter, blomkål, viltsaus, rognebærgelé, omnsbakte poteter

Sjokolademousse, sitronsorbé

Julemeny

Røykt laks, sennepssaus, toast

Ribbe, medisterkake, raudkål, brun saus, kokte poteter

Riskrem med kirsebærsaus

Oppgåver

Ut frå meny og tema skal du

  1. setje vinar og alkoholfrie alternativ til menyen

  2. skrive kuvertmeny

  3. beskrive kva serveringsteknikk du vil bruke på dei ulike rettane, og kvifor

  4. grunngi om det er forskjell i bruk av serveringsteknikk om menyen skal serverast i eit selskap til 8 personar, 40 personar eller 100 personar, og eventuelt kvifor

  5. dekke og pynte bordet til fire personar. Eventuelle ekstra glas og utstyr skal setjast klart på servicebord.

Evaluer arbeidet ditt

  • Kor fornøgd vart du med oppdekkinga av bordet?

  • Synest du bordet speglar temaet du fekk?

  • Kva kunne du ha eventuelt ha gjort betre?

Tips til lærar!

Oppgåva kan enkelt bli tilpassa og endra til føresetnadene og nivåa til eleven. Ein kan ta bort enkelte delar som å setje drikke til maten eller skrive kuvertmeny, eller berre dekke etter den gitte menyen og utelate det andre.

Relatert innhald

Det finst retningslinjer for korleis vi bør skrive menyar. Her ser vi nærare på dei.

CC BY-SASkrive av Hege Resell Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2022

Læringsressursar

Oppdekking