Hopp til innhald

Fagstoff

Blomstrar og pynt

Blomstrar og pynt på eit vakkert dekt bord set prikken over i-en og er noko dei fleste gjestar set pris på. Tekstil i kombinasjon med blomstrar, dekor og levande lys skaper ei hyggjeleg og lun stemning.
Eit pent dekt bord med kvit duk og fargerike blomsteroppsatsar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidlegare var det ei sjølvfølgje med ein blomstervase på alle restaurantbord, slik er det ikkje lenger. Kor mykje pynt og blomstrar restauranten vel å ha, avheng av profilen og økonomien til staden, og av trendar. Eit bord som skal brukast til eit finare selskap, blir som regel alltid pynta med levande lys og blomstrar.

Blomsterdekorasjonar er forholdsvis dyrt, og det kan fort gå mykje pengar. Dei fleste bedrifter spør arrangøren kor mykje dei vil bruke på dette, og tek betalt per kuvert. Gjestane kan også stå for pynten sjølve. Blomstrar og dekor kan fint bli laga av materiale frå naturen som ikkje kostar nokon ting.

Harmoni på bordet

Eit enkelt oppdekt bord i ein restaurant med sjøstjerner og steinar som bordpynt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blomstrar skal pynte bordet, og ikkje dominere det. Blomstrar og pynt skal passe til bordet og bør følgje linjene til bordet. Eit smalt bord treng smale dekorasjonar, eit breitt kongebord kan tole større og breiare dekorasjonar.

Ein regel er at dekorasjonen ikkje skal kome borti glasa, og han skal heller ikkje vere så stor at han hindrar gjestane i å kommunisere med kvarandre. Det same gjeld lysa, dei skal ikkje plasserast i augnehøgd slik at gjestane blir hindra frå å sjå kvarandre. Skal det brukast høge dekorasjonar, skal dei vere så høge at gjestane kan sjå under dei. Dette er ikkje så vanleg i dag, og det krev eit stort bord for å sjå fint ut.

Friske blomstrar inneheld vatn som gjer at dei ikkje er like brannfarlege som tørre blomstrar.

Høve, årstid og fargar

Både årstida og høvet bordet skal brukast til, er med på å bestemme valet av blomstrar og dekor. Eit bord som skal brukast til ein barnedåp, blir pynta på ein annan måte enn eit bord til eit juleselskap. Det er berre fantasien som set grensene, men det er viktig at blomstrar og pynt harmonerer og står i stil til bordet. Det er ikkje alltid fint med for mange kontrastar.

Lyse fargar blir tradisjonelt valde på dagtid og om sommaren, mens mørkare fargar blir valde til kvelden og om vinteren.

To blåe babyskor fylte med grøne og kvite blomstrar, brukte som dekor på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behandling av blomstrar

Avskorne blomstrar må snittast på skrå med ein skarp kniv og setjast i vatn med ein gong, slik at ikkje snittflata tørkar ut. Tulipanar skal ikkje snittast på skrå, men kuttast rett av. Vatnet i vasen bør vere romtemperert (med unntak av roser, dei bør ha varmt vatn) og fyllast med haldbarheitsmiddel, slik at blomstrane varer lenger. Utan haldbarheitsmiddel bør vatnet blir skifta ut kvar dag.

Pass på at det ikkje kjem blad opp i vatnet, då kan det dannast bakteriar som øydelegg haldbarheita til buketten. Pass på at ikkje blomstrane blir sette i direkte sollys eller i trekk. Blomstrar og dekorasjonar bør setjast kaldt om natta, då held dei seg lenger.


CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021

Læringsressursar

Oppdekking