Hopp til innhald

Fagstoff

ADL og hjelpemiddel

For personar med funksjonsnedsetjingar kan det vere nyttig med hjelpemiddel for å meistre aktivitetar i dagleglivet, såkalla ADL-aktivitetar. Som helsefagarbeidar er det viktig at du kjenner til dei vanlegaste hjelpemidla og korleis brukaren skal gå fram for å søke om hjelpemiddel.
Rullestolbrukar som arbeider ved ein arbeidsbenk. Personen har berre eitt bein, men står oppreist ved pulten. Rullestolen er bak han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjelpemiddel for meistring i dagleglivet

For å meistre aktivitetar i kvardagen best mogleg på eiga hand kan gode hjelpemiddel vere nyttige for ein som har reduserte ADL-ferdigheiter. Til dømes kan ei kjøkkeninnreiing som kan regulerast i høgda, vere nyttig for ein som sit i rullestol. Eit slikt hjelpemiddel gir brukaren høve til å lage mat sjølv, vaske opp og rydde ut av oppvaskmaskinen.

For den som ikkje kan uttrykke seg munnleg, kan eit digitalt kommunikasjonshjelpemiddel vere nødvendig for at han eller ho skal kunne snakke med andre.

For den som har nedsett kraft i hendene, kan bestikk med ergonomisk grep vere til hjelp for at brukaren skal klare å ete på eiga hand.

Det er viktig at vi vurderer nøye kva hjelpemiddel den enkelte brukaren treng. Hjelpemiddelet må vere nyttig for brukaren, og han eller ho må vere motivert for å bruke det.

Hjelpemiddel må ikkje avgrense

Somme er avhengige av hjelpemiddel heile livet, mens andre treng hjelpemiddel i ein periode. Dersom brukaren har høve til å trene opp att ferdigheitene sine, må vi vere merksame så ikkje hjelpemidlet tek over og hindrar brukaren i å trene på å bli betre. Føremålet med eit hjelpemiddel er at det skal gjere kvardagen lettare.

Til dømes skal ikkje ein rullestol hindre at ein brukar med redusert gangfunksjon – til dømes etter ei ulykke – skal trene på å gå. Men rullestolen kan vere nyttig for at brukaren i ein periode eller i enkelte situasjonar lettare skal komme seg rundt og delta i ulike aktivitetar. Det er viktig at brukaren får god opplæring i å bruke hjelpemidlet. Det kan vere di oppgåve som helsefagarbeidar å rettleie brukaren når han eller ho har fått eit nytt hjelpemiddel.

Oppgåve: Besøk ein hjelpemiddelsentral

  1. Sjå på internett kvar den næraste hjelpemiddelsentralen ligg.

  2. Kontakt hjelpemiddelsentralen og spør om klassen kan få komme på ekskursjon. Lag ein rapport om besøket og om det de lærte der.

  3. Kva nytte kan eit slikt besøk har for arbeidet dykkar i helsevesenet i framtida?

Relatert innhald

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2024

Læringsressursar

Hjelpemiddel, teknologi og universell utforming