Hjelpemiddelsentralen
Hjelpemiddelsentralen kjøper inn og eig mange ulike hjelpemiddel som skal gjere det mogleg å leve sjølvstendig og halde oppe funksjonane i dagleglivet. Både nytt og brukt utstyr blir nytta.
På informasjonssida til NAV Hjelpemiddelsentralen finn du mykje nyttig stoff om hjelpemiddel, prosedyrar, søknadsskjema og hjelpeskjema. I informasjonen om dei ulike hjelpemiddelområda finst det lenkjer til riktig skjema og ei oversikt over kva vedlegg søknaden treng i kvart tilfelle.
Det er laga eigne hjelpeskjema som kan brukast når ein skal finne fram til kva slags hjelpemiddel som er best eigna til å løyse eit konkret problem. Brukaren må leggje slike skjema ved søknaden og sende begge delar til hjelpemiddelsentralen i fylket der vedkomande bur.
Hjelpemiddeldatabasen
NAV Hjelpemiddeldatabasen inneheld informasjon om alt du treng for å finne fram til riktig hjelpemiddel, mellom anna komplette oversikter over
- produkt og leverandørar
- søknadsskjema
- hjelpeskjema
- relevante databasar i andre land
- brukarorganisasjonar
- faglitteratur
Databasen inneheld også tekniske spesifikasjonar, bilete, brosjyrar og bruksrettleiingar for hjelpemiddel.
Relatert innhald
Nettside hos hjelpemiddeldatabasen.no