Hopp til innhald

Fagstoff

Talerøyret til pasienten

Å vere talerøyret til pasienten vil seie at du som helsefagarbeidar snakkar på vegner av pasienten. Helsefagarbeidaren er ofte den som kjem nærast pasienten. Du er den som pasienten og dei pårørande fortrur seg til, som kjenner pasienten godt og som derfor kan tolke signala til pasienten.
Kvinneleg helsefagarbeidar smiler og held ein eldre kvinnelag pasient i handa. Pasienten ligg i senga, ho smiler òg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å kunne oppfylle rolla som talerøyret til pasienten er det naudsynt at helsefagarbeidaren har gode kunnskapar. Helsefagarbeidaren må vite kven det er naturleg å kontakte dersom pasienten uttrykkjer eit behov, og korleis eit eventuelt problem kan løysast. Som helsefagarbeidar har du mykje og brei kompetanse, men alle yrkesgrupper har spesialfelta sine. For at pasienten skal få så god pleie og omsorg som mogleg, er det viktig at du er klar over avgrensingane i din eigen kompetanse.

Helsefagarbeidaren som talerøyr for pasienten

Å observere og rapportere er ein viktig del av arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidaren. Som talerøyret til pasienten skal du òg rapportere behovet til pasienten vidare til andre fagpersonar i pleieteamet. Dette kan vere behov pasienten sjølv fortel at han eller ho har, eller behov du som helsefagarbeidar observerer ut frå fagkunnskapen din.

Ein klar og orientert pasient kan fortelje det dersom han eller ho har smerter. Helsefagarbeidaren rapporterer dette vidare til ein sjukepleiar som kan administrere smertestillande til pasienten.

Det kan òg vere at helsefagarbeidaren har ansvaret for ein pasient med afasi. Under stell observerer helsefagarbeidaren at pasienten ynkar seg, skjer grimasar og at auga blir fylte med tårer. Helsefagarbeidaren forstår ut frå desse signala at pasienten har smerter, og formidlar det til ein sjukepleiar.

I begge døma er helsefagarbeidaren talerøyret til pasienten.

Mannleg sjukepleier steller ein eldre pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsaker til at pasienten treng eit talerøyr

  • Pasienten er ikkje i stand til å uttrykkje sine eigne behov på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne. Dette kan til dømes vere pasientar med afasi eller medvitslause pasientar.
  • Pasienten har ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å vite kva som er kvalitetsmessig best pleie eller behandling. Til dømes har ikkje pasienten kjennskap til dei hjelpemidla som finst.
  • Pasienten er ikkje klar over dei rettane han eller ho har til dømes når det gjeld klageinstansar, retten til fritt sjukehusval eller behandlingsgarantiar.
  • Pasienten er redd for å vere til bry, og vel derfor å ikkje kome med ønska og behova sine. Til dømes ser pasienten at dei tilsette har det travelt, og han eller ho lèt derfor vere å be om drikke eller hjelp til å kjøpe avisa.
  • Pasienten er engsteleg for at eventuelle klager kan påverke pleiekvaliteten. Til dømes kan pasienten vere redd for å bli oppfatta som ein "vanskeleg" pasient viss han eller ho uttrykkjer at vedkomande ikkje er nøgd med stellet ein pleiar gir. Det frykta resultatet er at pleiarane då ikkje skal gi god omsorg.
  • Pasienten føler seg makteslaus. I institusjonar kan det vere fagpersonar, rutinar og eit fagspråk som pasienten ikkje kjenner seg heime i. Det kan gi pasienten ei kjensle av avmakt og å vere avhengig av andre, og det kan gi dei tilsette ved institusjonen ein utilsikta maktposisjon.
Samtale med pasient, pårørande og helsepersonell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre talerøyr for brukarar og pasientar

Pårørande

Pårørande er ein viktig ressurs. Det er gjerne dei som kjenner pasienten best, og dei kan gi verdifull informasjon. Pårørande kan tolke og uttrykkje behovet til pasientane og slik bidra til at behova blir dekte på best mogleg måte.

Pårørandegrupper

Pårørande ved mange sjukeheimar og omsorgssenter har danna pårørandegrupper. Desse gruppene består av frivillige pårørande som har teke på seg å vere talerøyr for pasientane. Pårørandegruppene tek opp forhold ved institusjonane som dei meiner kan betrast, dei held informasjonsmøte om ulike lidingar og arrangerer hyggjekveldar.

Pasient- og brukarorganisasjonar

Det finst mange ulike brukarorganisasjonar. Organisasjonane er samanslutningar av pasientar eller pårørande som har felles interesser som følgje av ein sjukdom eller nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukarorganisasjonane arbeider for å betre kunnskapane til pasientane og dei pårørande om den aktuelle sjukdommen, og for å sikre rettane til pasientane i samfunnet.

Pasient- og brukarombod

Det er tilsett pasient- og brukarombod i alle fylka i landet. Pasient- og brukarombodet kan hjelpe pasientar og pårørande med å vurdere enkeltsaker, og det kan gi råd og rettleiing om korleis ein bør gå fram vidare. Pasientomboda er talerøyr for pasientane overfor spesialisthelsetenesta, og dei skal arbeide for interessene og rettstryggleiken til pasientane.

Utfordringar til deg

  1. Kva blir meint med at du som helsefagarbeidar skal vere talerøyret til pasienten?
  2. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar er talerøyret til pasienten?
  3. Finn fram til reelle arbeidssituasjonar frå praksisen din der du har vore talerøyret til pasienten. Del erfaringane dine med medelevar.
  4. Det blir sagt at pårørande er ein viktig ressurs. Diskuter i klassen i kva situasjonar dei pårørande er ein ressurs, og om det er situasjonar der verken helsepersonell eller brukaren opplever dei pårørande som ein ressurs.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020

Læringsressursar

Brukarmedverknad