Hopp til innhald

Fagstoff

Pårørande som ressurs

Pårørande til menneske som slit med sjukdom, funksjonsnedsetjingar, rus og/eller psykisk liding er ein viktig ressurs for den enkelte brukaren og for samfunnet. Godt samarbeid med pårørande gjer at du som helsefagarbeidar kan ta vare på det heilskaplege behovet til brukaren på ein betre måte.
Eldre mannlag pasient og kvinneleg pårørande i samtale med kvinneleg sjukepleiar. Mannen ligg i ei sjukeseng, kvinna held handa hans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon til pårørande

Når pasienten samtykkjer til det, kan helsepersonell gi informasjon til næraste pårørande utan å bryte teieplikta. Det er pasienten sjølv som bestemmer kven som er næraste pårørande, det kan vere ein ven eller andre som ikkje er i familie med pasienten.

I utgangspunktet skal helsepersonell alltid be om samtykket til pasienten eller brukaren før dei gir pårørande opplysingar. Næraste pårørande har likevel rett til informasjon òg i akutte situasjonar der det ikkje er mogleg å få samtykket til pasienten, til dømes dersom pasienten er medvitslaus eller i mellombels psykisk ubalanse.

Informasjonen må bli gitt på ein hensynsfull og støttande måte, og det må vere avklart med pasienten på førehand kva informasjon som skal bli gitt til kven. Andre pårørande kan òg få informasjon dersom pasienten har samtykt til det.

Vaksne som pårørande

Pårørande kan vere ei viktig kjelde til informasjon både når det gjeld helseopplysingar, og kva som er viktige verdiar for den som er sjuk. Godt samarbeid med pårørande bidreg til at helsepersonellet betre kan tilpasse det heilskaplege tenestetilbodet til ønska og behovet til kvar enkelt brukar.

Barn som pårørande

Når barn er pårørande fordi mor eller far er alvorleg sjuk, har helsepersonellet plikt til å bidra til at mindreårige barn blir tekne vare på. Sjukehus og andre helseinstitusjonar i spesialisthelsetenesta er pålagde å ha personell som har ansvar for oppfølging av barn som pårørande.

Utfordringar til deg

  1. Kven er din næraste pårørande?
  2. Kva blir meint med at informasjon til pårørande skal bli gitt på ein hensynsfull og støttande måte?
  3. Korleis blir det lagt til rette for eit godt samarbeid med pårørande på praksisstaden din?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2020

Læringsressursar

Brukarmedverknad