Hopp til innhald

Fagstoff

Brukarmedverknad

Pasientar og brukarar har rett til å aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som vedkjem dei. Dette er ein lovfesta rett som sikrar retten brukarane har til å bli involverte i utforminga av sitt eige tenestetilbod, og du som helsefagarbeidar har plikt til å leggje til rette for brukarmedverknad.
Pasient og pårørande i samtale med helsefagarbeidarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brukarmedverknad – ein menneskerett

Brukarmedverknad har utgangspunkt i FN sine menneskerettar frå 1948. Alle har rett til å leve eit verdig liv, uansett samfunn, tilstand og situasjon. Brukaren opplever verdigheit dersom han får delta, og medbestemming er viktig for menneskeverdet. Dette er òg eit viktig demokratisk prinsipp i samfunnet vårt i dag, og medbestemming og moglegheit til sjølv å bestemme over eige liv er eit viktig etisk prinsipp i helse- og omsorgssektoren. Prinsippet om brukarmedverknad er òg ei politisk målsetjing som er nedfelt i Nasjonal helse- og sykehusplan.

Omgrepet brukarmedverknad

Omgrepet brukarmedverknad er sett saman av dei to orda brukar og medverknad.
  • Brukaren (eller pasienten) er den som tek imot ei teneste eller hjelp.
  • Medverknad betyr at brukaren eller pasienten skal medverke til å planleggje, gjennomføre og vurdere hjelpa eller tenesta.
Brukaren skal sjølv aktivt medverke og ta avgjerder om forhold som gjeld han eller ho. Det inneber at den som gir hjelp, må vere medviten om samhandlinga med brukaren og syte for at brukaren blir involvert på ein slik måte at vedkommande har høve til å påverke sitt eige liv.

Likeverd og respekt

Helsefagarbeidarar og andre fagpersonar skal bruke fagkompetansen sin til å gi forsvarleg hjelp ut frå brukaren sine behov. Brukarmedverknad skjer når brukaren tek del i å planleggje, gjennomføre og vurdere tiltak. Brukaren skal vere ein ressurs i dette arbeidet, fordi brukaren er den som best veit kva behov han har, og kva som blir opplevt som god kvalitet på tenestene.
Brukarmedverknad baserer seg på eit likeverdig forhold mellom brukaren og helsefagarbeidaren. Dette vil fremme tillitsforholdet mellom dei, og det vil føre til at respekten, den personlege integriteten og menneskeverdet til pasienten blir verna.

Kvifor brukarmedverknad?

Det er mange årsaker til at brukarmedverknad bør vere eit viktig prinsipp for alle som utøver hjelp og tenester i helse- og sosialsektoren.

Som nemnt er prinsippet nedfelt i nasjonale og internasjonale avtalar, men det viktigaste argumentet for å praktisere brukarmedverknad er at brukaren får eit betre resultat.

Her er nokre punkt som underbyggjer dette:

  • Medbestemming gir brukaren ei kjensle av verdigheit og at det han eller ho meiner om sin eigen situasjon, har verdi. At brukaren opplever ei kjensle av verdigheit, er i seg sjølv viktig.
  • Brukaren er ein ressurs for å gi tilpassa hjelp. Det er brukaren sjølv som best veit "kvar skoen trykkjer".
  • Brukaren er sjølv den beste til å definere kva som er viktig og riktig hjelp for seg sjølv. Alle ønskjer djupast sett å klare seg sjølv. Vi ønskjer ikkje meir hjelp enn vi faktisk treng, for å meistre gir oss ei positiv oppleving og kjensle av god livskvalitet.
  • Brukarmedverknad gir brukaren ansvar. Når vi sjølve er med på å bestemme noko, aukar det motivasjonen vår til å nå dei måla vi set oss.
  • Brukarmedverknad gjer brukaren "friskare" fordi han eller ho blir involvert. Når vi føler oss viktige i våre eigne liv, aukar det livslysta og livsgleda vår, og vi blir friskare av det.
Dersom vi følgjer desse prinsippa, vil brukaren oppleve å bli sett på som ein ressurs for dei som skal gi hjelp. Det er kanskje den aller viktigaste sida av brukarmedverknad, og på den måten vil vi oppnå eit betre resultat for brukaren. For å lukkast i dette er det viktig at dei som utøver hjelp og tenester, involverer brukaren både når dei skal planleggje, gjennomføre og vurdere hjelpa.
Vaksen mann og barn i rullestol speler fotball med stor plastball på graset. Foto .

Brukarorganisasjonar

Brukaren er den som ønskjer å kunne påverke. Ofte er det ein person som får hjelp eller tenester frå helsestellet. Men det kan òg vere grupper, til dømes barn, unge, menneske med nedsett funksjonsevne eller eldre. Medverknad inneber at gruppa ønskjer å komme med synspunkt og å medverke før det blir teke avgjerder som har noko å seie for gruppa.

Det finst brukarorganisasjonar som arbeider for å ta hand om interessene til slike grupper. Eit døme på dette kan vere at rullestolbrukarar på ein tettstad har store problem med å ta seg fram fordi det er høge fortauskantar og elles dårleg tilrettelagt for rullestolbrukarar. Ein brukarorganisasjon kan i dette tilfellet jobbe for å påverke politikarar til å løyve pengar for å leggje betre til rette for rullestolbrukarar.

I tillegg til å påverke politiske styresmakter i avgjerdsprosessar utfører brukarorganisasjonar òg mange andre fine tiltak. Dei kan spreie informasjon om brukargruppa slik at andre blir kjende med kva problem gruppa møter i kvardagen. Dei gir òg tips og rettleiing til brukarar som høyrer til gruppa.

Utfordringar til deg

  1. Kva er brukarmedverknad?
  2. Nemn tre viktige grunnar til at vi bør praktisere brukarmedverknad.
  3. Kvifor kan vi seie at brukarmedverknad er eit demokratisk og etisk prinsipp? Grunngi svaret og diskuter i klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Lars Sandlie/Høgskolen i Lillehammer, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020

Læringsressursar

Brukarmedverknad