Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan KI utvikle ein prisstrategi?

I denne oppgåva skal de bruke NDLAs praterobot Elevhjelpen i arbeidet med å utvikle ein prisstrategi. Utforsk korleis KI kan brukast og vurder kritisk avgrensingane verktøyet har.
Ung dame har opna eit brev og ser alvorleg inn i kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Om ChatGPT

ChatGPT blei lansert i november 2022 og tok verda med storm. Kunstig intelligens (KI) og vidareutvikling av ulike praterobotar har medført mykje diskusjon. Den går ut på alt frå kva arbeidsoppgåver i arbeidslivet som no kan utførast ved hjelp av KI til kva konsekvensar KI får for vurdering i skulen.

På engelsk heiter kunstig intelligens artificial intelligence, og forkortinga AI blir mykje brukt – også på norsk. Omgrepet prompt blir brukt om setninga du skriv inn i ein praterobot (chatbot). Prompt kan vere eit spørsmål, ein påstand eller ei beskriving av eit problem du ønsker hjelp med. På NDLA bruker vi det norske omgrepet leietekst i staden for prompt.

Instruks

Filer

  • Gjennom heile oppgåva skal de vurdere om prateroboten gir dykk nyttige innspel i arbeidet med å utvikle ein prisstrategi for den fiktive bedrifta i situasjonsbeskrivinga.

  • I oppgåva vil de erfare at utforminga av er avgjerande for kva svar de får tilbake, så jobb godt med leietekstane.

  • Jobb i par med oppgåva. Begge skal bruke prateroboten, slik at de kan samanlikne svara de får. Når de er ferdige, kan de diskutere resultata med eit anna par, og gjerne med heile klassen.

  • Hugs å føre kjelder. Her ser de korleis til dømes NDLA sin praterobot blir ført opp i kjeldelista i samsvar med APA 7:

    Azure OpenAI. (2023). NDLA praterobot: Elevhjelp (9. oktober versjon) [Stor språkmodell GPT-3.5 Turbo]. NDLA. https://ndla.no/minndla

  • Bruk NDLA og andre kjelder undervegs i oppgåva for å vurdere kvaliteten av svara de får frå prateroboten.

Fagartiklar om prisstrategi på NDLA

Oppgåve

Bruk NDLA sin praterobot Elevhjelp når de i denne oppgåva skal arbeide med å utvikle ein prisstrategi for Kira si e-bok.

De skal bruke stega som er beskrivne i artikkelen "Utvikle prisstrategi" når de jobbar med å utvikle ein prisstrategi. Set opp eigne føresetnader der de meiner det er nødvendig. Hugs å skrive tydeleg undervegs i oppgåva kva for føresetnader de eventuelt set opp.

Ei pil går frå venstre mot høgre. Fem informasjonsboksar er plasserte på pila og viser trinna mot endeleg prissetjing på eit produkt. I boksane står det: Vel prisstrategi, Vel prissetjingsmetode, Fastset ein basispris, Juster prisen og Endeleg pris på produkt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsbeskriving

Kira er sjølvstendig næringsdrivande og gründer med over 10 års erfaring innan coaching og rådgiving. Ho driv bedrifta KI konsulenttenester AS. Bedrifta coachar personar som ønsker å starte si eiga gründerverksemd.

Dei tilbyr webinar og individuelle coaching-timar over nett. Kira har eit godt omdømme i bransjen som ein kunnskapsrik, profesjonell og inspirerande coach. Kundegruppa er veksande og lojal. Kira har nyleg skrive ei e-bok med namnet KI-tips i forretningssamanheng, som ho no ønsker å selje. I samband med dette treng ho hjelp til å utvikle ein prisstrategi.

Del 1: Vel ein overordna prisstrategi

  1. Lim inn situasjonsbeskrivelsen som ledetekst i prateroboten.

  2. Kva for et svar gir prateroboten dykk? Samanlikn svara de får.

  3. Fekk de nokon gode innspel til val av overordna prisstrategi?

  4. Ved behov skriv inn konkrete oppfølgingsspørsmål, som til dømes om Kira bør velje høg (skumming av marknaden), nøytral eller låg (prisinntrenging) som den overordna prisstrategien sin.

Ut frå svara til prateroboten skal de velje den overordna prisstrategien for Kira.

  1. Beskriv argumenta til prateroboten for val av overordna prisstrategi.

  2. Vurder argumenta som prateroboten bruker. I kva grad er du einig i argumentasjonen?

  3. Diskuter og vurder om de vil behalde den overordna prisstrategien som prateroboten anbefalte, eller om de vil velje ein annan overordna strategi. Grunngi valet de gjer.

Del 2: Vel prissetjingsmetode

  1. Form ut tre ulike leietekstar som kan gi dykk hjelp til val av prissetjingsmetode (verdibasert/marknadsbasert, kostnadsbasert, konkurransebasert, dynamisk prissetjing).

  2. Skriv ned dei ulike svara de får.

  3. Kva leietekst gav best svar?

  4. Korleis påverka utforming av leietekstane svara de fekk?

  5. Ut frå svara og vurderingane de har gjort, skal de velje ein prissetjingsmetode. Hugs å grunngi valet.

Del 3: Fastset ein basispris

  1. Spør prateroboten om hvilken pris dere bør sette på boken KI-tips i forretningssammenheng.

  2. Talfest ein basispris.

  3. Grunngi valet av pris. Fekk de gode innspel frå prateroboten, eller har de brukt andre kjelder i arbeidet med å bestemme pris?

Del 4: Juster prisen og set ein endeleg pris

  1. Bruk erfaringane frå tidlegare i oppgåva til å utvikle gode leietekstar når de no skal spørje prateroboten om følgende: Bør Kira justere basisprisen med psykologisk prising, prisdifferensiering eller rabatt- og bonusordningar?

  2. Vurder svara de får. Er de einige, eller vil de eventuelt justere prisen på ein annan måte? Grunngi.

Del 5: Samanfatt prisstrategien

  1. Samanfatt eit prisstrategi-dokument der de kjem med ei samla tilråding til Kira om korleis ho bør forme ut prisstrategien sin. Alle delar av prisstrategien skal grunngivast godt.

  2. Set dykk saman med ei anna gruppe og presenter prisstrategiane for kvarandre. Still kvarandre oppfølgingsspørsmål.

  3. Revider prisstrategien ut frå eventuelle innspel frå medelevar.

Del 6: Refleksjon

  1. I kva grad synest de det var nyttig å bruke prateroboten til å forme ut ein prisstrategi?

  2. Kva synest de om kvaliteten på svara de fekk? Stemde det med andre kjelder de brukte, som fagartiklane på NDLA?

  3. Korleis vurderte de kva delar av svara de brukte i det vidare arbeidet?

  4. Kva erfaringar har de gjort med å skrive leietekstar? Skriv ned tre gode tips til andre elevar som skal bruke praterobot.

  5. Diskuter kva de synest er ein god bruk av praterobotar i skulearbeid, og kva utfordringar de ser.

Relatert innhald

Du må tenke på roller, presist språk, kontekst, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar leietekstar for å generere tekst frå praterobotar.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2024

Læringsressursar

KI-oppgåver frå fleire fag