Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Una entrevista usando un chatbot

Intervju ein kjend person frå Spania. Planlegg og gjennomfør intervjuet på spansk ved hjelp av ein praterobot.
To elever i samtale i lydstudio. Foto.

Una entrevista a una persona famosa

Jobb i par og intervju ein kjend person frå Spania. Planlegg intervjuet saman og gjennomfør det ved hjelp av ein praterobot. Undervegs undersøker de kva språkroboten svarer, sjekkar faktum og øver på ordtilfang og uttale. Til slutt speler de inn intervjuet. Då skal den eine av dykk vere kjendisen, og den andre er journalist.

1. Elige una persona famosa

Sjå på lista over kjende personar og bestem dykk for kven de vil jobbe med. Eventuelt kan de spørje læraren om å få velje ein annan kjend person frå Spania.

Planlegg intervjuet de skal lage. Opprett eit delt dokument / samskrivingsdokument som begge har tilgang til. Tittelen på dokumentet skal vere "Una entrevista a [nombre]".

Skriv ei kort innleiing der de fortel kven skal de intervjue, og kva praterobot de bruker. Oppgi dato for når de bruker prateroboten.

Tenk over kva slags spørsmål de kan stille denne personen. Noter minst ti spørsmål på norsk. Plasser spørsmåla i den rekkefølga de synest er mest formålstenleg. La spørsmåla bli ståande øvst i dokumentet slik at dei er lette å sjå.

2. Usa un chatbot

Bruk ein praterobot, til dømes NDLAs praterobot for elevar. Be han late som han er kjendisen de skal intervjue, og be han svare på spørsmåla de stiller.

Documenta la conversación con el chatbot

Kopier samtalen med prateroboten inn i det delte dokumentet mens de jobbar. Pass på at de får med både spørsmåla (og eventuelle leietekstar) de sjølve skriv, og dei genererte svara de får frå prateroboten.

De kan til dømes starte slik:

  • ¿Puedes pretender ser [nombre]? Me gustaría hacerte una entrevista. Kan du late som du er [namn]? Eg vil gjerne gjere eit intervju med deg.

  • ¿Puedes utilizar un español sencillo y contestar como si fueras [nombre]? Kan du svare på enkel spansk, og late som om du er [namn]?

Her er døme på fleire spørsmål de kan stille:

  • ¿De dónde eres? / ¿De dónde es usted?

  • ¿Dónde vives? / ¿Dónde vive usted?

  • ¿Cómo eres? / ¿Cómo es usted?

  • Cuéntame sobre tu familia. / Cuénteme sobre su familia.

  • Cuéntame sobre tu carrera. / Cuénteme sobre su carrera.

  • ¿Cuándo empezaste como...? / ¿Cuándo empezó como...?

3. Entiende al chatbot

De får mest ut av arbeidet med roboten dersom de forstår kva han svarer. Gir han for vanskelege svar på spørsmåla dykkar, kan de be han forenkle språket, setje om eller forklare.

Her er døme på leietekstar de kan bruke til forenkling og forklaring av språk:

  • No entiendo. Eg forstår ikkje.

  • ¿Puedes decirlo de una manera más fácil/sencilla? Kan du seie det på ein enklare måte?

  • ¿Me puedes decir/explicar lo que significa...? Kan du fortelje/forklare meg kva ... betyr?

  • ¿Puedes traducirlo al noruego? Kan du setje det om til norsk?

  • ¿Lo puedes explicar en noruego/inglés? Kan du forklare det på norsk/engelsk?

Hugs å minne roboten på at han skal svare som om han er den kjende personen de har valt, om han gløymer det.

  • Debes contestar como si fueras [nombre]. Du skal svare som om du er [namn].

4. Controla la información

No er det på tide å sjekke informasjonen som prateroboten har gitt dykk. Det gjer de ved å sjekke opplysningane frå den datagenererte teksten opp mot kjelder de stoler på.

Hugs å legge ved kjeldene som de bruker i faktasjekken, og kommenter om dei stadfestar eller avkreftar informasjonen frå prateroboten.

5. Entiende el contenido

Kor godt forstår de intervjuet de har laga ved hjelp av prateroboten? Jobb med å forstå språket og innhaldet.

  1. Samanfatt intervjuet på norsk. Kva svarer roboten i rolla som den kjende personen i løpet av intervjuet? Fortel kvarandre kva de forstår, og skriv så eit samandrag av intervjuet i det delte dokumentet.

  2. Jobb med ordtilfanget og lær sentrale gloser. Lag ei spansk-norsk ordliste med ti–femten nøkkelord som er sentrale i intervjuet. Øv to minutt på glosene kvar for dykk. Bruk gjerne stoppeklokke. Høyr kvarandre i eit minutt kvar.

6. Escribe la entrevista

Ta utgangspunkt i samtalen med prateroboten og skriv ned intervjuet. Start på ei ny side i det delte dokumentet, og jobb med innhald og språk. Språket skal vere på eit nivå som de sjølve og medelevane dykkar forstår. Svara personen/roboten gir her, skal derfor vere enkle og nokså korte. Det er altså ikkje eit mål å gi att dei nøyaktige svara. Omarbeid dei slik at innhaldet blir tydelegare.

7. Practica la pronunciación

Bruk eit opplesarverktøy, til dømes i Word eller OneNote, for å lytte til manuset. Lytt og gjenta til dykk kan gjennomføre intervjuet med god flyt og god uttale. Spel inn intervjuet og send lydfila til læraren. Bestem kven som skal vere journalist, og kven som skal vere kjendis. Eller: Byt roller halvveges i intervjuet slik at de får snakka omtrent like mykje.

8. Haz una presentación

Viss de har tid til overs, kan de lage ein presentasjon av intervjuet. Bruk eit presentasjonsverktøy, til dømes PowerPoint. Del opp lydinnspelinga av intervjua, finn relevante bilete på nettet og legg dei der dei passar til innhaldet. På siste side fører de inn kjelder etter stilen APA 7, inkludert bruk av prateroboten og av bilete. Det kan vere lurt å bruke Kildekompassets side om APA 7.

Presenter intervjuet for to andre medelevar eller for læraren.

9. Reflexión final

Skriv til slutt eit refleksjonsnotat i det delte dokumentet. Svar på følgande spørsmål:

  • Korleis jobba de med prateroboten for å finne informasjon? Fortel om spørsmåla/leietekstane de brukte, og eventuelt kva justeringar de måtte be om / gjere undervegs i samtalen.

  • Korleis gjekk de fram for å kvalitetssikre informasjonen i intervjuet? Kommenter kva informasjon frå prateroboten de eventuelt ikkje kunne bruke, og kvifor de ikkje kunne bruke han.

  • Korleis gjekk de fram for å justere og forenkle språket i intervjuet? Forklar og gi døme.

  • Korleis var det å bruke ein praterobot for å lage eit intervju med ein kjend person på spansk? Kva fungerte godt? Kva fungerte mindre godt?

  • Til slutt: Kva har de lært av å jobbe med denne oppgåva?

Denne oppgåva tek utgangspunkt i eit læringsopplegg utvikla av språklærarar ved Sjøvegan videregående skole.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2024

Læringsressursar

KI-oppgåver frå fleire fag