Hopp til innhald

Fagstoff

Fire filmar om djupfeikar

I denne videoserien forklarer forskarane Bente Kalsnes og Petter Bae Brandtzæg kva djupfeikar (deepfakes) er, og om moglege konsekvensar for individ og samfunn. NRKbetas Henrik Lied viser korleis falske videoar blir laga. Vilde Kaasen Krogsrud frå Faktisk.no fortel korleis du kan avsløre djupfeikar.

Kva er djupfeikar?

Omgrepet djupfeik kjem av det engelske ordet deepfake, som er en kombinasjon av uttrykket "deep learning" (på norsk: "djup læring"), ein måte maskiner lærer på, og uttrykket "fake" (på norsk: "falsk").

I dag kan KI-driven videoteknologi brukast til å manipulere både ansiktet og stemmen til ein person som opptrer i ein video. Teknologien blir til dømes brukt av pornobransjen for å få det til å sjå ut som om kjende skodespelarar deltek i sexscenene.

I undervisningsfilmen frå Medietilsynet og Faktisk.no ser vi òg døme på korleis USAs tidlegare presidentar Barack Obama og Donald Trump tilsynelatande kjem med utsegner som dei aldri har ytra. Djupfeikar har derfor potensiale til å understøtte politiske konspirasjonsteoriar.

I utgangspunktet var djupfeikteknologien meint å skulle støtte teksting og omsetjing av tale og vere eit verktøy i reklame- og filmbransjen.

Korleis fungerer djupfeikar?

Det er svært krevjande å få ein manipulert video til å sjå ekte ut. NRKbeta er ei avdeling i NRK som testar ut ny teknologi. Som eit eksperiment har dei nytta ulike verktøy som kan kombinere bilete og lyd frå fleire videoopptak.

Ved å skifte ut ansiktet til Jon Almaas har dei fått det til å sjå ut som at skodespelaren Bjarte Tjøstheim opptrer i rollen som karakteren Kopperud i komiserien Side om side. Dei har òg eksperimentert med ulike språk og manipulert eit nyheitsinnslag frå Dagsrevyen slik at det høyrest ut som at nyheitsankeret Yama Wolasmal snakkar samisk.

Kva konsekvensar kan djupfeikar få?

Deepfakar kan få store konsekvensar, både for deg som enkeltperson og for samfunnet. Hamnar du i konflikt med nokon, kan vedkommande hemne seg ved å manipulere eit videoopptak som får det til å sjå ut som at du seier eller gjer noko gale.

Dei som ønsker å ramme ein politisk motstandar, kan forvrenge kva politikaren faktisk seier, eller få vedkommande til å verke forvirra. Dette vart mellom anna gjort for å ramme dei amerikanske politikarane Barack Obama og Nancy Pelosi.

Den teknologiske utviklinga gjer det vanskelegare å avsløre falske nyheiter. Heldigvis er det krevjande å få manipulerte videoar til å sjå ekte ut, og av og til er det enkelt å sjå at nokon har juksa. Det gjer at vi etter kvart blir meir kritiske til det vi ser og høyrer, og ikkje tek alt for god fisk.

Slik avslører du ein djupfeik

Djupfeikar kan vere vanskelege å avsløre. Det fortel elevar på Engebråten skole. Vilde Kaasen Krogsrud frå prosjektet Tenk hos Faktisk.no har ein del tips til korleis ein kan avsløre falske videoar:

  • Kvar er videoen publisert, og kven er avsendar?

  • Kva står avsendaren for?

  • Kva har avsendaren sagt eller publisert tidlegare?

  • Kva seier andre kjelder du stoler på, om denne avsendaren?

  • Kvifor er denne videoen publisert?

  • Kva påstandar blir sette fram i filmen, og stemmer desse med det som blir formidla av andre kjelder?

Sjå alle videoane i eitt

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal. Rettshavarar: Tenk og Medietilsynet
Sist fagleg oppdatert 27.11.2023

Læringsressursar

Kunstig intelligens – kritisk tenking og etiske problemstillingar