Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Film: Kritisk tilnærming til praterobotar

KI er ein myteomspunnen teknologi, men handlar eigentleg om maskiner som oppfører seg smart. Kva kjenneteiknar ei god kritisk tilnærming til praterobotar? Sjå film frå Medietilsynet og jobb med oppgåvene.

Sjå filmen

I filmen testar elevar ut politiske råd og venneførespurnader i ulike praterobotar og fortel oss om erfaringane sine. Vi møter òg to ekspertar, Leonora Onarheim Bergsjø og Morten Goodwin, som kommenterer og orienterer om ulike sider ved praterobotar.

Kva meiner du er det viktigaste ekspertane seier om praterobotar?

Øv på ei kritisk tilnærming til praterobotar

1. Be om politiske råd

  • Test ut om ein praterobot vil gi deg råd om kva parti du skal stemme på.

  • Klarer du å omgå sensuren?

  • På kva måtar kan ein praterobot påverke deg?

2. Bli venn

  • Test ut om ein praterobot vil bli vennen din.

  • Klarer du å omgå sensuren?

  • Del svara frå prateroboten med ein medelev.

3. Samanfatt og diskuter i klassen

  • Korleis kan praterobotar gi råd?

  • Korleis kan praterobotar vere ein venn?

  • Kva meiner de er ei god kritisk tilnærming til praterobotar?

CC BY-NC-NDSkrive av Albertine Aaberge. Rettshavar: Medietilsynet
Sist fagleg oppdatert 19.08.2024

Læringsressursar

Kunstig intelligens – kritisk tenking og etiske problemstillingar