Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder ein KI-tekst

Bruk ein praterobot til å forbetre ein tekst du har skrive, og vurder resultatet.
Popart-inspirert teikning som viser ein smilande ung mann som sit og skriv på ei berbar datamaskin. Ein smilande robot står ved sida av og ser på skjermen. Roboten har skjorte og slips og kvinnelege former og langt raudt hår, men armane, halsen og hovudet er laga av metalliske materiale. KI-illustrasjon.
  1. Gå til NDLAs praterobot Elevhjelpar eller Skolebots Prat for elevar.

  2. Skriv inn dette spørsmålet i prateroboten: "Kan du korrigere språkfeil i den følgande teksten og forklare feila for meg?" Lim inn eit avsnitt frå teksten din etter spørsmålet.

    NB: Hugs alltid å vere kritisk til svara du får frå ein praterobot. Dersom prateroboten misforstår spørsmåla, prøv å omformulere dei og sjå om du får meir relevante svar.

  3. Dersom prateroboten berre korrigerer feila utan å forklare dei: Gjenta at han òg må forklare feila slik at du lærer kvifor det er feil. Samtal gjerne med prateroboten om feila, til dømes ved å spørje om nærare forklaringar om det du lurer på – akkurat slik du ville hatt ein samtale med ein norsklærar om teksten din.

  4. Gå gjennom feila éin for éin. Be prateroboten skrive heile avsnittet på nytt og inkludere alle forbetringane (dersom han ikkje allereie har gjort dette).

  5. Lim inn ditt eige avsnitt og prateroboten sin versjon av det same avsnittet i Word-dokumentet du finn nedst på sida.

  6. Gjenta trinn 2–5 med resten av avsnitta i teksten din.

  7. Samanlikn teksten din og prateroboten sin versjon av han. Vurder om du synest forslaget frå prateroboten gjer teksten betre eller ikkje. Skriv i Word-dokumentet.

    NB: Forslaget frå prateroboten er ikkje nødvendigvis betre enn dine eigne formuleringar.

  8. Lever inn Word-dokumentet, som no inneheld din eigen tekst og roboten sin versjon, til læraren.

Filer

CC BY-SASkrive av J.P. Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2024

Læringsressursar

KI-oppgåver frå fleire fag