Lag eit intervju i språkfag
Jobb i par og intervju ein kjend person. De planlegg og gjennomfører intervjuet saman. Bruk ein praterobot til hjelp. Undervegs undersøker de kva språkroboten svarer, sjekkar fakta og øver på ordforråd og uttale. Til slutt speler de inn intervjuet. Då skal den eine av dykk vere kjendisen, og den andre er journalist.
Bestem dykk for ein kjend person som de vil jobbe med, til dømes den franske skodespelaren Omar Sy på fransk eller songaren Rosalía på spansk.
Planlegg intervjuet de skal lage. Opprett eit delt dokument / samskrivingsdokument og sørg for at begge har tilgang til dokumentet. Tittelen på dokumentet skal vere "Intervju med [namn]".
Skriv ei kort innleiing der de fortel kven de skal intervjue, og kva for ein praterobot de bruker. Oppgi dato for når de bruker prateroboten.
Tenk over kva slags spørsmål de kan stille denne personen. Noter minst ti spørsmål på norsk. Plasser spørsmåla i den rekkefølga de synest er mest hensiktsmessig. (La spørsmåla bli ståande øvst i dokumentet slik at dei er lette å sjå.)
Bruk ein praterobot, til dømes prateroboten for elevar på Min NDLA. Be han late som at han er kjendisen de skal intervjue, og be han svare på spørsmåla de stiller. De kan til dømes starte slik (set om dersom de vil):
"Kan du svare på enkel spansk/ fransk/tysk som om du er [namn]?"
Her er døme på fleire spørsmål:
Kvar kjem du frå?
Kvar bur du?
Fortel om familien din.
Fortel om karrieren din.
Dokumenter samtalen med prateroboten
Gjennomfør intervjuet. Kopier samtalen med prateroboten inn i det delte dokumentet mens de jobbar. Pass på at de får med både spørsmåla de sjølv skriv, og dei genererte svara de får frå prateroboten.
De får mest ut av arbeidet med roboten dersom de forstår kva han svarer. Gir han for vanskelege svar på spørsmåla dykkar, kan de be han forenkle språket, setje om eller forklare.
Her er døme på leietekstar du kan bruke til forenkling og forklaring av språk:
"Kan du fortelje meg kva ... betyr på ein enklare måte?"
"Eg forstår ikkje ..., kan du setje om eller forklare det på norsk?"
Hugs å minne roboten på at han skal svare som om han er den kjende personen de har valt, om han gløymer det.
No er det på tide å sjekke informasjonen som prateroboten har gitt dykk. Det gjer dykk ved å sjekke opplysningane frå den datagenererte teksten opp mot kjelder de stoler på.
Hugs å legge ved kjeldene som de bruker i faktasjekken, og kommenter om dei stadfestar informasjonen frå prateroboten eller ikkje.
Kor godt forstår dei intervjuet de har laga ved hjelp av prateroboten? Jobb med (å forstå) språket og innhaldet.
Samanfatt intervjuet på norsk. Kva svarer roboten i rolla som den kjende personen i løpet av intervjuet? Fortel kvarandre kva de forstår, og skriv så eit samandrag av intervjuet i det delte dokumentet.
Jobb med ordforrådet og lær sentrale gloser. Lag ei ordliste med ti-femten nøkkelord som er sentrale i intervjuet. Øv to minutt på glosene kvar for dykk. Bruk gjerne stoppeklokke. Høyr kvarandre i eitt minutt kvar.
Ta utgangspunkt i samtalen med prateroboten og skriv ned intervjuet. Start på ei ny side i det delte dokumentet og jobb med innhald og språk. Språket skal vere på eit nivå som de sjølve og medelevane dykkar forstår. Svara personen/roboten gir her, skal derfor vere enkle og nokså korte. Det er altså ikkje eit mål å gi att dei nøyaktige svara: Omarbeid dei slik at innhaldet blir tydelegare.
Bruk eit opplesarverktøy, til dømes i Word eller OneNote, for å lytte til manuset. Lytt og gjenta til de kan gjennomføre intervjuet med god flyt og god uttale. Spel inn intervjuet og send lydfila til læraren. Byt på å stille spørsmål og svare.
Bruk eit presentasjonsverktøy, til dømes PowerPoint. Del opp lydinnspelinga av intervjuet, finn relevante bilete på nettet og legg dei der dei passar til innhaldet i spørsmål og svar. På siste lysbilete fører de inn kjelder etter stilen APA 7, inkludert bruk av prateroboten og bilete. Hugs å bruke Kildekompassets side om APA 7.
Skriv avslutningsvis eit refleksjonsnotat i det delte dokumentet. Svar på dei følgande spørsmåla:
Korleis jobba de med prateroboten for å finne informasjon? Fortel om leietekstane/spørsmåla de brukte, og eventuelt kva for justeringar de måtte be om / gjere undervegs i samtalen.
Korleis gjekk de fram for å kvalitetssikre informasjonen i intervjuet? Kommenter kva for informasjon frå prateroboten de eventuelt ikkje kunne bruke, og kvifor de ikkje kunne bruke det.
Korleis gjekk de fram for å justere og forenkle språket i intervjuet? Forklar og gi døme.
Korleis var det å bruke ein praterobot for å lage eit intervju med ein kjend person på eit framandspråk? Kva fungerte godt? Kva fungerte mindre godt?
Til slutt: Kva har du lært av å jobbe med denne oppgåva?
Lever presentasjonen og dokumentet til læraren.