Praterobottips til eleven
Ikkje legg sensitiv informasjon inn i praterobotar, last heller ikkje opp bilete av personar.
Ver alltid open om når og korleis du har brukt praterobotar i læringsarbeidet ditt.
Ver alltid kritisk til svara frå ein praterobot. Han svarer med utgangspunkt i berekningar og sannsynsrekning. Han har inga forståing for innhaldet han genererer.
Sjekk alle faktaopplysningar frå praterobotar opp mot uavhengige og pålitelege kjelder. Dersom du ikkje kan få stadfesta opplysningane hos andre kjelder, har sannsynlegvis prateroboten berre funne på dei.
Betydninga av retningslinjer kan variere frå oppgåve til oppgåve, frå fag til fag og frå lærar til lærar. Er du i tvil om kva som gjeld for det du jobbar med akkurat no, spør læraren din!
Inspirasjon
Be om tips til idéar dersom du treng å bli inspirert.
Få tips til problemstillingar og påstandar du kan jobbe vidare med.
Læringsassistent
Spør om hjelp til å forstå ei oppgåve.
Spør om forslag til ulike måtar å løyse ei oppgåve på.
Få hjelp til å forstå faglege tema og omgrep.
Spør om lister over fagomgrep.
Få samandrag av lange tekstar.
Be om forklaringar på vanskelege omgrep og setningar.
Få hjelp til å teste og øve opp kunnskapar innanfor eit fag eller tema.
Få hjelp i arbeid med programmering.
Tekstarbeid
Be om hjelp til organisering og rydding av notat eller til å omarbeide og organisere innhald.
Spør om hjelp til å lage ein disposisjon til ein tekst.
Få tips til argument både for og imot ei sak.
Få hjelp til rettskriving og omsetjing.
Du bør ikkje
generere innhald du leverer som om det er ditt
stole på og bruke fagleg innhald, utan å dobbeltsjekke med andre kjelder
stole blindt på rettingar av tekstane dine
generere innhald du ikkje bruker eller les gjennom (berekraft – bruk av praterobotar krev enormt mykje kraft)