Praterobottips til læraren
Kva skal elevane bruke prateroboten til?
Elevane bør kunne noko om temaet i førevegen.
Gode leietekstar må til for å få gode svar.
Bruk av praterobotar krev god lesekompetanse.
Ver kritisk til det prateroboten skriv.
Praterobotar kan hjelpe oss med å forstå tekst.
Varier oppgåver og gjer eleven aktiv.
Kva ønsker du at elevane skal oppnå med å bruke prateroboten i løpet av undervisningsøkta eller perioden? Skal dei lære meir om eit bestemt tema, lære meir om praterobotbruk, få skrivehjelp, hente inspirasjon, øve på kjeldekritikk eller noko anna?
Finn ut av dette før undervisninga startar, og tilpass undervisningsopplegget til det som er målet. Avgrens oppdraget og la det vere klart for elevane kva dei skal gjere og lære, og kvifor.
Elevar bør kunne noko om temaet frå før når dei skal bruke praterobot. Sidan det kan komme både rette og feil svar frå ein praterobot, må elevane kunne vurdere den genererte teksten dei får. Stemmer dette? Kan elevane bruke teksten til noko? Kva kan dei bruke?
Det passar betre å bruke praterobot eit stykke inn i eit tema enn å starte ein undervisningsperiode med praterobotbruk. Det er viktig at elevar ser over og vurderer den genererte teksten og sjekkar han opp mot truverdige kjelder.
Sjølv om styrken til ein praterobot er å generere tekstar, krev det mykje av oss å få dei gode svara. Vi må vite korleis vi kan lage gode leietekstar for å få gode svar på det vi spør om.
Vi lærarar bør støtte og rettleie elevar i korleis ein skriv leietekstar, spesielt elevar som har utfordringar med skriving. Modeller utforming av leietekstar og demonstrer skriving i prateroboten for elevane. Gjentekne forsøk og justering av leietekstar er ei viktig tilnærming i bruken av praterobotar.
Fagartikkel: Korleis jobbe med leietekstar
Praterobotar svarer villig i veg, med rett eller misvisande informasjon. Det kan komme lange tekstar og tekstar med vanskelege ord.
Det kan vere krevjande å lese mykje tekst. Elevane har ulik lesekompetanse. Ver merksam på at store tekstmengder kan vere utfordrande særleg for elevar med lesevanskar og elevar med eit anna morsmål.
Lær elevane å skrive instruksar slik at dei kan få kortare og meir handterlege svar. Test ut oppgåvene du gir, på førehand.
Skiljet mellom praterobot og søkemotor er ikkje klart for alle. Praterobotar er gode til å formulere svar og tekstar som verkar sannsynlege, men det kan vere feil i teksten. Praterobotar er dårlege på faktakunnskap, spesielt dersom temaet handlar om noko dei er lite trente på.
Praterobotar kan foreslå kjelder, men her er det viktig å vere kritisk. Praterobotar kan oppgi relevante kjelder, men dei kan òg dikte opp kjelder, bøker og sidetal som ikkje finst. Dobbelsjekk om kjeldene stemmer, og gå til originalkjeldene for å innhente informasjon.
Spør du ein praterobot om å oppgi kva kjelder han har brukt i samtalen, kan han svare med at han ikkje kan oppgi kjelder. Nokre praterobotar kan vise til riktige kjelder, men ikkje alltid. Og nokre tenester oppgir kjelder som ikkje nødvendigvis har nokon samanheng med den genererte teksten.
Sidan praterobotar kan vere gode på å kjenne igjen tekststrukturar, samanfatte og omarbeide tekst, kan det vere eit verktøy som hjelper elevar å forstå tekstar betre.
Elevar kan be om å få samandrag, kortare tekst, enklare tekst eller at prateroboten skriv noko på ein annan eller enklare måte. Praterobotar kan òg hjelpe oss å setje om tekstar til andre språk.
Oppgåve: Bruk praterobot til å forstå og endre tekstar
Å bruke praterobot i klasserommet kan vere gøy og forfriskande, men er det svært lange og gjentakande oppgåver, kan det bli monotont. Mykje og "tung" tekst kan vere krevjande å handtere for enkelte elevar. Legg inn ulike oppgåvetypar og oppdrag, og sørg for at elevane er aktive på ulike måtar.
Unngå lange økter med mykje tekstgenerering. Varier mellom ulike oppdrag elevane skal gjere. De treng ikkje å bruke praterobot heile økta.
Ha gjerne diskusjonsoppgåver undervegs, både i par og i plenum.
Be elevar generere tekst med same instruks/leietekst, få dei til å samanlikne tekstane. Kva skjer?
Legg opp til samarbeid, refleksjon og erfaringsutveksling om praterobotbruk i klasserommet. Elevane kan dele gode tips med kvarandre og lære saman korleis dei kan bruke praterobotar på ein hensiktsmessig måte.
Relatert innhald
Kva er god bruk av praterobotar i læringsarbeid? Her får du nokre retningslinjer å støtte deg på.