Hopp til innhald
Film og filmklipp

Korleis leggje til rette for kritisk tenking?

I denne filmen får du konkrete tips om korleis du kan leggje til rette for munnleg aktivitet i klasserommet som fremjar kritisk tenking.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-SA 4.0

I overordna del av læreplanen står det: "Skolen skal bidra til at elevane blir nyfikne og stiller spørsmål, utviklar vitskapleg og kritisk tenking [...]" (Kunnskapsdepartementet, 2017).

I filmen forklarer Beate Børresen (dosent emerita ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier ved OsloMet) korleis ein lærar kan leggje til rette for utforskande samtalar – det å undersøkje påstandar og meiningar kontinuerleg i eit klasserom. Lektor Lars Hvaal (Lørenskog vgs.) tek oss med inn i klasserommet sitt, der utforskande samtalar er ein viktig del av undervisninga.

Kjelde

Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa. Fastsett som forskrift ved kongeleg resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.3-kritisk-tenkning-og-etisk-bevissthet/?lang=nno

CC BY-SA 4.0Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2022