Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Slik byggjer du ein læringssti

Når læringsmål, læringsaktivitetar og refleksjon over eiga læring er sett saman på ein konsistent måte, bidreg det til at elevar får ei klar oppleving av kva dei skal lære, og kva dei har lært. Ein godt planlagd læringssti legg til rette for ein god læringsprosess.
Sti med flere punkter og bakgrunn med lyd, tekst og diagrammer. illustrasjon.

Steg for steg

  • Introduksjonen til ein læringssti inneheld læringsmål, som normalt er utleidde av kompetansemål frå læreplanen i faget.
  • Anslaget er ein kort og enkel læringsaktivitet som vekkjer forkunnskapar og set eleven på sporet av kva som er sentralt for opplæringa som skal skje i læringsstien. Aktiviteten du nettopp har gjort med å bla gjennom nokre læringsstiar, er eit eksempel på det. Øvinga blir eit utgangspunkt for å forstå læringssti som pedagogisk konsept.
  • Innføring i tema presenterer sentrale omgrep, teoriar og ferdigheiter. Innføringa kan bestå av tekst, illustrasjonar og videosnuttar, og muligens nokre enkle refleksjonsspørsmål knytte til det eleven høyrer, les eller ser.
  • Innføringa blir ofte følgt av ein omgrepstest eller øving, der eleven får sjekka grunnkunnskapar og -ferdigheiter. Det er ikkje uvanleg å finne ei fleirvalsoppgåve, ein Kahoot, ein diskusjon eller ei enkel øving.
  • No er elevane klare for utdjuping av tema. Det kan vere avklaring av problemstillingar og forklaring på komplekse gjeremål. Utdjupinga skal gi grunnlag for å løyse større og meir komplekse oppgåver.
  • Kjerneoppgåver og -utfordringar blir lagde som det neste i læringsstien.
  • Vurdering av eiga læring etter gjennomført læringssti blir lagde inn som siste steg i stien.

Tenkjepause

Den læringsstien du er i no, er bygd på denne måten.

Korleis synest du det fungerer?

Variasjonar

Korleis ein vel å byggje ein læringssti, vil variere avhengig av:

  • føremålet med læringa
  • eigenart ved fag eller emne
  • tilgang på ressursar

Grunnprinsippet om ein tett samanheng mellom læringsmål, læringsaktivitetar og evaluerings- og vurderingsaktivitetar vil likevel alltid gjelde.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2017