Baklengs planlegging
Kjerneelement og kompetansemål i læreplanen i eit fag er utgangspunktet. Deretter handlar det om å jobbe fram ein tett samanheng mellom definerte læringsmål, læringsaktivitetar og evaluering av eiga læring.
Elevane må forstå rammene for det dei skal lære. Dei forventingane elevane får presentert til kva som skal lærast, når dei startar på ein læringssti, må stemme overeins med den refleksjonen dei blir bedne om å gjere seg om eiga læring i slutten av læringsprosessen.
- Kva er forma på det som skal vurderast? Er det munnlege framføringar, dokumentasjon, skriflege innleveringar, produksjonar?
- Kva skal vurderast ved elevprestasjonar? Bruk av omgrep, handlag ved verktøybruk, fagleg deltaking, grad av gjennomføring i ei oppgåve?
Det er viktig at elevane forstår kva prov for læring dei skal framskaffe, og at dei blir utfordra til å vurdere prova sjølve. Då må rammene for kva som skal vurderast, vere tydelege, både når det gjeld kva evalueringsform som skal brukast, og kva som skal evaluerast.
NDLA sine læringsstiar legg til rette for at elevane skal reflektere over og vurdere eiga læring, og vi gjer dette gjennomsiktig for læraren.
Læringsmål er operasjonalisert frå kompetansemål i læreplanen i eit fag. Vi formulerer vanlegvis læringsmåla slik:
- kva eleven skal vite etter å ha følgt stien
- kva eleven skal kunne gjere etter å ha følgt stien
- kva eleven skal forstå etter å ha følgt stien
Gjennom læringsaktivitetar som å lese ein fagtekst, sjå ein undervisningsvideo eller lytte til ein fagpresentasjon tileignar elevane seg kunnskapar. Elevane kan også bli bedne om å drøfte ei problemstilling aleine, eller diskutere henne saman med andre. Ein læringssti inneheld vidare interaktive quizar og øvingar, og oppgåver der elevane blir utfordra til utforsking og produksjon, og til å reflektere over eiga læring. Læringsaktivitetar kan skje i verkstader, i klasserommet eller heime, men også ute i felt eller i praksis. Læringsaktivitetar er altså samleomgrepet for alt det eleven gjer for å lære noko innan eit område.
- Kva skal elevane eigentleg kunne og forstå?
- Kva og korleis skal eleven kunne vurdere det ho eller han har lært etter enda læringsprosess?
- Kva evalueringsform passar best?
- Kva læringsaktivitetar eignar seg best?
- Kva ferdigheiter eller kunnskapar bør eleven få sjekka undervegs? Korleis?
Biggs, John (1996). Enhancing teaching through constructive alignment. High Educ, 32, 347–364. https://doi.org/10.1007/BF00138871