Hopp til innhald

Fagstoff

Dialog som metode i læring

Grunntydinga av omgrepet dialog er ein samtale mellom menneske. I klasserommet bør dialogar vere prega av velvilje, respekt og eit ønske om å forstå den andre.
Fem ungdommar  i samtalerrundt eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er dialog?

Omgrepet dialog blir ofte brukt som ei nemning på ein samtale mellom to personar, til dømes mellom lærar og elev. Men dialogen kan også omfatte fleire personar, til dømes elevane i ein klasse.

Ikkje alle samtalar er dialogar. Om læraren gir ein elev beskjed om å slå av mobiltelefonen i timen, og eleven seier «OK», er ikkje dette ein dialog. Læraren er ikkje interessert i kva eleven tenkjer om saka. Ein diskusjon om det skal vere lov å bruke mobilen i timen, er heller ikkje ein dialog. Då er poenget å overtyde den andre ved hjelp av argumentasjon.

I ein ekte dialog er hensikta å forsøkje å forstå korleis den andre tenkjer og føler, og på same tid gi uttrykk for eigne tankar og kjensler. Til dømes går det an å ha ein dialog om kvifor mobilen er så viktig for somme av oss i kvardagen, mens andre kanskje føler seg frie når mobilen er slått av.

Livssynsdialog

I Noreg bur det menneske med mange forskjellige livssyn. Somme har eit ikkje-religiøst livssyn. Dei kan vere ateistar eller human-etikarar. Andre definerer seg sjølve som kristne, muslimar, jødar eller buddhistar. Felles for oss alle er at vi er borgarar i eit land der alle har rett til å tru og tenkje det dei vil.

Gjennom dialog kan vi utvikle kunnskap om og forståing og toleranse for menneske med andre livssyn enn vårt eige. Toleranse er viktig dersom menneske med ulike livssyn skal leve fredeleg side ved side. Men toleranse inneber ikkje at du ikkje kan halde fast på ditt eige livssyn som det som opplevast rett og riktig for deg.

Slik skaper du ein god dialog

Det viktigaste for å få til ein god dialog er:

  • å lytte aktivt til det andre seier
  • å stille opne spørsmål, slik at dei andre kan utdjupe det dei meiner
  • å ikkje tillegge andre meiningar du trur dei har
  • å presentere eigne tankar på ein måte som gjer andre nysgjerrige på å vite meir

Les meir om reglar for god dialog på nettsidene til ung dialog: Språket til dialogen

Les også råd frå Inge Eidsvåg, rektor på Nansenskolen: Tretten råd for god dialog

Digitale verktøy som støttar dialog

Dialog fungerer best ansikt til ansikt. Men det finst nokre verktøy som kan hjelpe til med å strukturere og vidareutvikle samtalen og sørgje for at alle i ei gruppe eller ein klasse kjem til orde. Eit slikt verktøy er Samtavla. Her kan elevar og lærarar logge seg inn med Feide.

Talkwall (Samtavla)

Verktøyet gjer det mogleg å opprette digitale tavler i klassen. Hensikta med desse tavlene er å forstå kvarandre sine idear og perspektiv for deretter å byggje vidare på kvarandre sin kunnskap. Tavlene kan brukast i samla klasse og styrast av lærar, eller i elevgrupper.

Rettleiing: Korleis bruke Samtavla?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon, dialog og debatt