Hopp til innhald

Fagstoff

Innføring i Samtavla

Gi elevane ei tavle å dele bidrag på. Bruk den visuelle flata til å organisere bidrag, og la bidraga til elevane drive dialogen.
Skjermbilete av diskusjonsverktøyet Samtavla. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er Samtavla?

Samtavla er eit verktøy som er utvikla for å støtte læring gjennom utforskande samtalar. På Samtavla blir korte meldingar delte på ei felles tavle. Samtavlene kan du dele med ei gruppe ved å dele pinkode ved oppstart. Dei som deltek, kan skrive korte kommentarar. Tavleadministrator kan så leggje ut desse kommentarane på ei felles tavle, basert på ein felles bidragsstraum. Dette ser du i illustrasjonen over. Deltakarane har òg sine eigne tavler som dei sjølve og tavleeigar har tilgang til. Det gir kvar enkelt moglegheit til å lage den unike visuelle framstillinga si, basert på ein felles bidragsstraum. Samtavla kan brukast som verktøy både for ein heil klasse og mindre grupper.

Organisering av tavler

I Samtavla har du eit kontrollpanel for tavlene dine. Frå kontrollpanelet kan du gjenbruke, opne, lukke og slette tavler. Dei enkelte tavlene kan òg merkast med fag, alderstrinn, rettleiing og nøkkelord. Her kan du òg ta ein titt på eksisterande tavler delt i Galleriet. Dette er gjerne meir gjennomarbeidde tavler som er godt organiserte.

Korleis dele ei Samtavle?

Tavla blir delt via ein unik pinkode. Denne pinkoden kan brukast seinare, for å byggje vidare på same tavle. Elevar kan gå inn på tavler heimanfrå ved å bruke PIN til ei open tavle. Administrator av tavla bør då ha vurdert dette som trygt og følgje med på aktiviteten. Elles kan tavler opnast og blir lukka til undervisningsøktene.

Korleis bruke Samtavla i heimeundervisning?

Under kan du lese om korleis de kan bruke Samtavla, utan at de er fysisk på same stad. Dette føreset bruk av videokonferanseverktøy med bruk av delt skjerm. Som lærar kan du køyre samtavler med ei gruppe elevar, og få til aktive økter der alle kan delta. Dersom du lagar ein sekvens med oppgåver i ei tavle, kan du organisere ei undervisningsøkt rundt denne og få innspel frå elevar undervegs.

Relatert innhald

Kvifor bruke Samtavla?

Ved å bruke Samtavla kan vi få fleire elevar til å delta aktivt. Det korte twitterformatet blir oppfatta som ein låg terskel, samtidig utfordrar formatet til konsis og presis språkbruk. Utfordre gjerne elevane til å organisere tavlebidrag i kategoriar og prioriteringar, ved å flytte dei i grupperingar.

Lær meir om Samtavla på nettsidene til Universitetet i Oslo

Samtavla på NDLA

Samtavla kan brukast på to måtar:

  1. Du kan gå til samtavla.no og lage ei samtavle frå botnen av. Dette kan alle gjere når dei vil.
  2. Du kan følgje ei lenkje til ein førehandsutfylt undervisningsmal av ei tavle. Kvar gong ein lærar klikkar på ei slik lenkje, blir det laga ei ny tavle med ein ny pinkode som er unik for denne gruppa. Ein elev kan starte ei tavle på same måte.

På NDLA bruker vi gjerne undervisningsmalar, dersom det er spesielle faglege problemstillingar elevane skal jobbe med. Det kan vere alt frå eit par spørsmål til ei ferdig utfylt tavle med mange førehandsutfylte bidrag. Hensikta med ein mal er å tilby eit delvis ferdig undervisningsopplegg som så blir skreddarsydd ved bruk. Du finn informasjon om dette i lenkjene over.

Korleis legg du ei samtavle til i eit læremiddel?

Legg lenkja til undervisningsmalen inn i artikkelen din, og del gjerne denne lenkja som ein introduksjon: https://talkwall.uio.no/#/HowtoUse.

Sjå skjermskotet under for informasjon om kor du finn rett adresse/url.

  1. Finne mal
  2. Opne meny og trykk på "publiser"
  3. Kopiere url
Finne adresse til samtavla-mal
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læraren bør tenkje gjennom om samtavla skal bli liggjande open for bidrag frå dei som har tilgang til pinkoden, eller om den skal lukkast etter at undervisningsøkta er ferdig.

Læraren bør òg, saman med elevane, bli samde om visse køyrereglar for kommunikasjon. Ei samtavle kan gjerne brukast til å gjere oss alle flinkare til å kommunisere sakleg og konstruktivt, og til å bruke kjelder på ein presis og god måte.

Innføringsvideo om Samtavla på YouTube


CC BY-SASkrive av Knut Inge Skifjeld og Jan Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon, dialog og debatt