Hopp til innhald

Oppgåve

Produser historieforteljande podkast eller panelpodkast

Å lage ein podkast treng ikkje å vere vanskeleg eller å ta mykje tid. Du treng noko utstyr og ein tydeleg plan.

LK20
Kvinne som sit ved eit bord med datamaskin, mikrofon og lydmiksar framfor seg. Illustrasjon.

Podkast kjem i mange format. Vi har fokusert på historieforteljande podkast og panelpodkastar, men vi har også andre typar, til dømes éin-manns-podkast eller fiksjonspodkast. Desse andre er ofte vanskelegare å meistre, så vi tilrår at du vel anten å lage ein historieforteljande podkast eller panelpodkast som ditt første forsøk.

Podkasten bør vare i 10–15 minutt. Du kan lage han åleine eller i mindre grupper.

Sluttresultatet er ein episode i ein tenkt podkastserie om eit tema som du vel, og du skal prøve å gjere han interessant for andre å høyre på.

1) Planlegging

Historieforteljande podkast

Vel deg eit tema du synest er interessant. Temaet bør ikkje vere for stort. Det er vanskelegare å dekkje eit omfattande tema i ein enkelt podkast. Skaff deg interessante kjelder som hjelper deg med å belyse temaet ditt.

Du skal fortelje ei historie, og målet er at publikum skal leve seg inn i forteljinga.

Tips og verkemiddel

  • Lag deg ei liste over moglege kjelder, og vurder kva for kjelder som er tilgjengelege for deg.
  • Klarer du å få historia personleg?
  • Få kjelda til å fortelje frå eit no-perspektiv, altså i presens.
  • Kan du gjere intervju og få fortalt historia frå fleire kjelder?
  • Kan du finne delar av forteljinga i tekst som blogg eller biografi og få det lese inn?
  • Finst det lydklipp eller intervju som kan brukast for å få involverte personar sine perspektiv tydeleg fram?
  • Kan du bruke lydeffektar for å hjelpe lyttaren til å visualisere situasjonar og hendingar?
Panelpodkast

Paneldeltakarar som snakkar om noko dei synest er interessant, og som dei kan noko om, vil vere meir engasjerte og dermed meir spennande å høyre på. Dette bør vere utgangspunktet for ei avgrensing eller tema for panelpodkasten din.

Tips og verkemiddel

  • Temaet treng ikkje vere stort eller dagsaktuelt.
  • Kva har deltakarane dine til felles?
  • Ein panelpodkast er som oftast ein del av ein serie. Er det faste innslag du kan bruke? Det vil gi ei kjensle av kontinuitet.
  • Faste element kan vere faste vertar, bruk av jinglar eller fast rekkjefølgje på innslag.
  • Ein god tittel på podkasten vil hjelpe deg og andre paneldeltakarar med å halde fokus på temaet. Det gjer det også lettare for lyttarane å forstå kva podkasten handlar om.

2) Køyreplan

Ein køyreplan er veldig nyttig for å strukturere podkasten din. Køyreplanen kan vere så enkel som ei kulepunktliste med rekkjefølgja på dei forskjellige delane du skal setje saman i podkasten din.

Det viktige er å få ei god oversikt og kjensle av korleis podkasten kjem til å bli. Køyreplanen er også nyttig for å finne ut kva du manglar.

Få med informasjon om kor mykje tid kvart element skal vare, ei kort beskriving av elementet og ei enkel kategorisering.

3) Opptak

Vi høyrer som oftast på podkasten med øyreklokker. Då er det viktig at lydkvaliteten er god. Ein podkast med dårleg lyd vil fort bli ein podkast ingen høyrer på.

Sjå video: Oppsett av mikrofon for innspeling av lyd.

Når du startar å produsere ein podkast, kan du gjerne bruke enkelt utstyr. Sjølv mikrofonen på ein mobiltelefon kan brukast. Men det er viktig at du skjønar avgrensingane til utstyret og også vel ein god stad å gjere opptak. Plagsam bakgrunnsstøy kan forstyrre, uansett kvalitet på utstyret du bruker.

Panelpodkast på Skype

Viss de er på forskjellige stader, kan du fint bruke Skype eller liknande for å ta opp samtalen som skal bli ein podkast. Ulempa er at lydkvaliteten på Skype og liknande tenester som oftast er middelmåtig.

Ei løysing er at alle deltakarane, i tillegg til å bruke Skype, gjer lokalt opptak av sin mikrofon. Då kan de leggje saman opptaka i god kvalitet seinare.

4) Redigering

Det finst mykje programvare som kan bli brukt til lydredigering. Eit gratis alternativ som finst både for Windows og Apple, er Audacity.

Ein podkast treng nokre jinglar. Dette er korte samansette lydsnuttar som vi gjerne bruker igjen og igjen i ein podkastserie. Ein introjingle, kjenningsmelodien, legg du i starten av podkasten. Det er også lurt å ha nokre jinglar som skil innhald, lagar pausar og introduserer faste spalter.

For å lage gode jinglar vil du ofte trenge forskjellige lydklipp og bitar av musikk. Det finst ein god del ressursar som er frigitt til fellesskapen og fritt kan brukast, Public domain, eller som er under lisensar som tillét gjenbruk, Creative Commons.

Gratis lydfiler med opne lisensar

Freesound (krev at du registrerer brukar)

Freemusicarchive

CCmixter

5) Sluttresultat

Det endelege resultatet bør vere ei enkelt lydfil i eit komprimert format.

  • Format: AAC eller mp3
  • Lagringplass/bitrate: 64–128 kbps

Bitrate

Lagringsplass per sekund med lyd blir kalla for bitrate. 128 kbps (kilobyte per second) er tilrådd for podkastar med musikkelement og lydbilete/lydkulissar.

6) Opplastning til podkasthotell

Viss du ønskjer at podkasten din berre skal nå nokre få personar, kan du sende han direkte eller dele podkasten til dømes gjennom skylagringstenester som Google Drive, Dropbox eller OneDrive.

Eit podkasthotell blir tilrådd for å gjere podkasten tilgjengeleg for alle. Podkasthotellet gjer podkasten tilgjengeleg på nett med ein RSS-feed. Han gjer at nye episodar automatisk blir lagde inn hos dei forskjellige podkastkatalogane.

Dei fleste podkasthotell krev eit månadleg abonnement for å lagre og spreie podkasten. Nokre har gratis alternativ som er veldig avgrensa, men som kan vere ein god plass å starte.

Podkasthotell med gratis alternativ

Buzzsprout

Soundcloud

Podbean

7) Distribusjon med podkastkatalogar

Det siste steget med å lage ein podkast er å nå ut til lyttarane. Her kjem podkastkatalogane inn i biletet. Dette er nettsider der sluttbrukarane finn og abonnerer på podkastar dei ønskjer å følgje.

Fordi podkasten din ligg lagra på eit podkasthotell med RSS-feed, er det enkelt å spreie podkasten gjennom fleire forskjellige podkastkatalogar samstundes.

Kvar gong du legg ut ein podkast til podkasthotellet ditt, vil podkastkatalogane du har sett opp, automatisk vidaresende informasjonen til abonnentane som bruker akkurat den katalogen.

Podkastkatalogar

iTunes (den eldste og framleis største podkastkatalogen)

Spotify

Tunein

Kjelde

Delar av teksten baserer seg på innhald frå intervju med Sindre Leganger.

Sist oppdatert 16.08.2019
Skrive av Tron Bårdgård

Læringsressursar

Digitale verktøy

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

  • Produser historieforteljande podkast eller panelpodkastDu er her