Presentasjon av arbeid i fag kan gjerast på mange ulike måtar. Nokre digitale verktøy støttar lineære framstillingar, andre viser samanhengar, medan ein tredje kategori gir moglegheit for å publisere innhald.

Når du jobbar med presentasjonar, omarbeider du samtidig det du har lært og skal lære.
Bruk av digitale presentasjonsverktøy hjelper deg med å sortere, organisere og formidle forståinga di for eit emne, ei problemstilling, samanhengar i og mellom fag og erfaringar frå læringsprosessen.
Nokre digitale presentasjonsverktøy gir verdifull visuell støtte i ein munnleg presentasjon, medan nokre verktøy gir deg moglegheit til å publisere ferdig omarbeidd innhald.
Lysbiletevisning
Lysbiletevisning er det presentasjonsverktøyet vi er best kjent med. Vanlegvis blir lysbileta viste fram på skjerm i klassen medan du/de har ei munnleg framføring. Ein lysbiletepresentasjon hjelper deg med å sortere eit innhald i ei lineær rekkjefølgje. Du får øving i å ha ein tydeleg start, halde på eit fokus undervegs og ha ei klar avslutning.
I tillegg til at lysbiletevisning gir deg øving i å systematisere og formidle ein bodskap, øver du deg i å samanlikne tale frå manus med visuell støtte frå lysbileta medan du kommuniserer med eit publikum.
Presentasjonsverktøyet Google presentasjon
Samanhengar
Det finst andre verktøy du kan bruke for å støtte ein munnleg presentasjon visuelt. Desse kan hjelpe deg med å vise fram samanhengar som ikkje nødvendigvis er lineære.
Publisering
I nokre samanhengar skal du/de setje saman og levere innhald utan ein munnleg presentasjon. Her får de øving i å sortere og prioritere innhald, og dessutan ferdigstille tekstar og setje dei i samanheng med bilete og video.
Verktøy for publisering eignar seg godt til samarbeid, fordi dei kan ta opp i seg mykje stoff.
Verktøya i lista ovanfor har gratisversjonar, men du må gjerne ha pålogging for å ta dei i bruk. Opprett gjerne ein eigen brukarprofil for innlogging til slike verktøy.
NB! Hugs å ta omsyn til reglar og lovverk ved open publisering av andre sitt innhald.