Hopp til innhald
Fagartikkel

Hjelp til å svare på lytte- og leseoppgåver

Når du jobbar med denne oppgåvetypen, skal du vise at du forstår innhaldet i munnlege og skriftlege tekstar.

Korleis løyse denne typen oppgåver?

I lytte- og leseforståingsdelen på eksamen skal du lese eller lytte til korte tekstar før du svarer på spørsmål. Denne typen oppgåver blir ikkje retta av sensor. I staden blir dei poengsette automatisk. Du vil møte

  • fleirvalsoppgåver der du skal velje rett alternativ blant fleire moglege svar

  • oppgåver der du skal gi ein tekst ei logisk og klart strukturert rekkefølge

  • oppgåver der du skal finne fram til rett tyding av eit ord eller rett meining av ein kort tekst

Døme på fleirvalsoppgåve

Tips:

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å finne det svaret som er rett: To alternativ kan verke like korrekte. Då må du velje det svaret du meiner er det mest presise.

Eksempel på oppgåve der du skal sette informasjon i rett rekkefølge

Slike oppgåver handlar om å kjenne igjen ein tekststruktur, til dømes å finne stega i ei bruksrettleiing eller å sjå gangen i ein diskusjonstråd.

Begynn gjerne med å sjå etter innleiinga og slutten på teksten fordi desse to delane som regel er lettast å kjenne igjen. Deretter leiter du etter samanhengar mellom dei andre delane: Er det til dømes noko som bygger på det som allereie er sagt?

Tekstversjon av oppgåva, utan fasit

The first two statements in the chat

  • Cats are the best pets in the world. Anyone who says they aren’t, is simply wrong.
 

  • That’s ridiculous! Everyone knows that dogs make the best pets. Cats are just using their owners for their own comfort, they do not really care about them. Dogs, on the other hand, are loving and loyal.

Statements to be placed in the correct order 

  • Oh no, gross! Who would want a rat or a snake? I can’t believe it is even legal to own pets like that. How terrible for your neighbours if they run away from you and turn up in their homes.

  • People who love cats and dogs just lack imagination. Why not get a snake, a lizard, a turtle, or a rat? All of these are so much more interesting than a cat or a dog.

  • I think people have to decide for themselves what kind of pet they like. It doesn’t really matter if it is a cat, dog, snake, or even a pet rock. What matters is that they make your life better.

  • Dogs may be loyal, but you have to walk them every day and that’s exhausting. Also, you have to pick up after them in the street, and that just seems embarrassing to me. Far better to have a cute kitten at home that knows how to use a litter box.

Døme på oppgåve der du skal finne fram til rett meining

Exam listening task, example

0:00
-0:00
Lyd: Radio Metro AS / CC BY-SA 4.0