Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelp til å svare på langsvarsoppgåver

Ein del av eksamen er at du skal velje ei oppgåve og skrive ein lengre, samanhengande tekst. Kva kan du vente deg på denne langsvarsdelen av eksamen?

Langsvar

På eksamen vil du få eit sett med oppgåver, vanlegvis vil du ha fire oppgåver å velje mellom. Du skal svare på oppgåva på ein relevant og utdjupande måte, med eit språk som passar til oppgåva som er gitt. Teksten må ha klar struktur. Hugs å laste opp dokumentet med svaret ditt på staden som blir gitt opp i oppgåva.

Five-paragraph essay

Når du skal skrive ein slik tekst, er det lurt å hugse det du har lært om å skrive slike tekstar. I forkant av eksamen kan du gjerne jobbe med artikkelen "How to Write a Five-Paragraph Essay".

Teksten bør ha ein passande tittel, ei innleiing, minst tre avsnitt som forklarer, drøfter eller utforskar det oppgåva ber deg sjå på, og ein konklusjon som rundar av teksten. Hugs at viss du bruker kjelder, skal du gi opp referanse til kjeldene undervegs i teksten og ha ei kjeldeliste til slutt.

Les oppgåva nøye

Les nøye gjennom oppgåvene, for dei inneheld mykje informasjon om kva som er venta av svaret ditt. Sjå etter ord som "explain", "present" eller "discuss". Dersom det til dømes står "discuss", må du hugse å drøfte spørsmålet eller problemstillinga i oppgåva. Dersom du berre legg fram ditt eige syn på spørsmålet, har du berre svart på omtrent halvparten av oppgåva, og det vil gå ut over karakteren når oppgåva skal vurderast.

Ein annan grunn til å lese oppgåva nøye er å sjå om det er noko konkret ho seier at du skal ha med i teksten. Det kan til dømes vere at oppgåva seier kva tittelen på teksten din skal vere, eller at du skal sjå på eit bestemt tekstutdrag eller drøfte eit sitat. Då må du passe på at det kjem tydeleg fram i teksten din at du har med dette, elles vil svaret bli ufullstendig.

Hugs at sjølv om vi kallar det ein five-paragraph essay, betyr ikkje det at du ikkje kan ha fleire enn fem avsnitt dersom du har meir du vil ha med i teksten.

Nyttige ressursar om tekstutforming

Kjelder

Rett bruk av kjelder blir stadig viktigare i skulesamanheng. Vi har lov til å bygge på arbeidet til andre, men om vi ikkje viser tydeleg innsatsen dei har gjort, er det plagiat. Pass derfor på at du set deg godt inn i korleis du skal gi opp kjelder på ein korrekt måte.

Kjeldekompasset er eit svært nyttig verktøy når ein skal føre kjelder på rett måte.

Når du besøker Kildekompasset, vel du den nyaste versjonen av APA og klikkar deg inn på den aktuelle kjeldetypen for å sjå korleis du gir opp kjeldene. Pass på detaljane her. Når du bruker ulike teikn, til dømes hermeteikn, eller når det skal vere kursiv, vil vere avhengig av kva slags kjelde det er snakk om.

Nyttige ressursar om kjeldebruk

Det aller viktigaste du bør hugse på når du gir opp kjelder, er at du skal gjere det lett for andre å finne igjen kjelda du har brukt. Hugs derfor fullt etternamn på forfattarar, titlar på tekstar, adresse til nettsider og så vidare. Det er òg derfor vi ikkje gir opp ting som "mitt eige hovud", eller "PowerPoint-presentasjon frå lærar" i kjeldelistene våre, for det er ikkje noko andre kan finne igjen og lese sjølv.

CC BY-SASkrive av Tone Hesjedal.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2024

Læringsressursar

Written exams