Hopp til innhald

Fagstoff

Løn

Løn kan avtalast på fleire måtar. Løna kan vere fast eller avhengig av kor lenge du jobbar. Den kan òg vere avhengig av kor mykje du produserer, eller kor mykje du sel av ei vare. I bygg- og anleggsbransjen er det to typar løn som er vanlegast: timeløn og akkordløn.
Bilete av ein legofigur og tohundrelappar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har fått deg ein jobb, får du òg løn. Kor mykje du får i løn, og kor mykje det er forventa at du jobbar, skal vere regulert i arbeidsavtalen. Ein arbeidsavtale skal alltid inngåast mellom arbeidsgivaren og deg som arbeidstakar. Vidare kan du lese meir om dei to vanlegaste formene for løn i bygg- og anleggsbransjen, med døme på korleis dette kan reknast ut.

Timeløn

Det er vanleg at fagarbeidarar i bygg- og anleggsbransjen jobbar etter ei avtalt timeløn. Det betyr at du får utbetalt ein viss sum berekna ut frå kor mange timar du jobbar. Ei normal arbeidsveke er vanlegvis på 37,5 timar. Timeløna vil variere mellom bedrifter, kvar i landet ein jobbar, og kva slags arbeid ein utfører. Minste timeløn for ein med fag- eller sveinebrev i bygg- og anleggsbransjen i Noreg er 220 kroner. Dette er bestemt av dei ulike partane i arbeidslivet, altså arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane.

Kva er ei passande måleining på talet på timar per veke?

Løysing

Ei passande måleining er t/veke. ("Timar per veke" betyr nettopp timar delt på veker.)

Døme på utrekning av inntekt for ein arbeidar med fag- eller sveinebrev ved ei normal arbeidsveke

37,5 t/veke·220 kr/t=8 250 kr/veke

Kva blir årsløna for eit heilt år med 52 veker i året i dette dømet?

Løysing

Årsløna blir:

8 250 kr/veke·52 veke=429 000 kr

Kva blir månadsløna i dette dømet?

Løysing

Månadsløna får vi ved å dele årsløna med 12:

429 000 kr12=35 750 kr



Akkordløn

For fleire fag innan bygg- og anleggsteknikk er det vanleg at det blir målt kor mykje arbeid ein har utført, og at ein får betalt etter det. Dette blir kalla akkordløn, eller du kan seie at du "jobbar akkord". Prisen på prosjekta blir som regel berekna ut frå ein tariff, som er ein avtale mellom organisasjonane til arbeidstakaren og arbeidsgivaren (til dømes LO og NHO). I avtalen står det mellom anna kor mykje ulike delar av arbeidet er verd, i tillegg til reglar for korleis arbeidet skal målast.

Døme på akkordløn

La oss seie du jobbar som røyrleggjar. På éin dag, altså 8 arbeidstimar, legg du 40 meter med 35 millimeters stålrøyr. For stålrøyra blir det rekna 41 kroner per meter.

Akkordløna for éin dag blir:

41 kr/m·40 m=1 640 kr

Kva blir passande måleining på timeløna?

Løysing

Sidan timeløna er talet på kroner per time, vil ei passande måleining vere kr/t.

Kva blir den gjennomsnittlege timeløna for dette arbeidet?

Løysing

1 640 kr8 t=205 kr/t

Legg merke til at vi fekk måleininga "kr/t" direkte ut frå reknestykket.

I tillegg til akkordløna skal det reknast eit påslag ut frå kva slags type bygg det er, kor langt det er å gå til søppelkonteinar, kor høgt bygget er og så vidare. Eit slikt samla påslag kan fort kome opp i 50 prosent eller meir.

Kva blir den totale timeløna dersom påslaget er på 50 prosent?

Løysing

Eit påslag på 50 prosent svarer til ein vekstfaktor på

1+50100=1+0,5=1,5

Timeløna inkludert påslaget blir:

205 kr/t·1,5=307,50 kr

Det utførte arbeidet blir målt når jobben er ferdig, eller fleire gonger undervegs viss jobben er stor. Målinga blir utført av eit målekontor som tek betalt for dette i form av ein liten del av overskotet. Akkordoverskotet blir betalt ut etter at det målte arbeidet er ferdig. Undervegs i arbeidet får ein betalt i form av eit forskot, som er ei form for timeløn. Forskotet blir betalt ut uavhengig om det blir eit overskot i akkorden eller ikkje.

Å jobbe akkord kan føre til hardare arbeidspress, men det gir samtidig akkordlaget meir sjølvstende og ofte høgare løn enn ei vanleg timeløn. Å jobbe akkord kan derfor verke stressande for nokon, men også motiverande. Sjølv om det er auka press på produksjon, skal ikkje dette gå ut over verken fysisk eller psykisk helse.

Relatert innhald

Som lærling tener du ei årslønn for ein fagarbeidar innan yrket ditt eller bransjen din fordelt på dei to åra du er lærling.

CC BY-SASkrive av Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Arbeidsforhold og lønn