Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsforhold

Bygg- og anleggsarbeid blir utført av mange ulike typar bedrifter. Dei kan vere spesialiserte innanfor berre eitt fag eller dekke fleire fagområde. Dei som utfører arbeidet, kan òg ha varierande tilknyting til det firmaet som har det faglege ansvaret.
To personar med arbeidshanskar handhelser. To menn med gule hjelmar står i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsforhold, lovverk og reguleringar

Når vi deltek i arbeidslivet, betyr det at vi har ei form for stilling der vi får betaling for utført arbeid.

Ordet arbeidsforhold er sett saman av orda arbeid og forhold. Her vil betalinga vi får, utgjere ein sentral del, og forholda vi jobbar under, ein annan sentral del.

Arbeidsgivar og arbeidstakar

Du har kanskje høyrt om arbeidsgivarorganisasjonar og arbeidstakarorganisasjonar, som NHO og LO. Denne typen organisasjonar skal ta vare på rettane og pliktene arbeidsgivar eller arbeidstakar har i eit arbeidsforhold. Til å styre dette har vi Arbeidstilsynet, som kontrollerer om bedrifter driv lovleg.

Alle arbeidsgivarar og arbeidstakarar pliktar å følge arbeidsmiljølova, som er ein del av HMS-arbeidet for alle organisasjonar og bedrifter. I tillegg til å følge lova må alle bedrifter kunne dokumentere at dei faktisk gjer det.

Fast tilsetjing

For å sikre at arbeidsforhold og god opplæring skal bli vareteke, er det best at du som arbeidstakar har ei trygg tilknyting til bedrifta i form av fast tilsetjing. Dette vil gi eit meir stabilt og føreseieleg arbeidsforhold. I utgangspunktet skal alle arbeidstakarar tilsetjast fast, men det er ein del unntak frå denne regelen, til dømes ved vikariat eller tidsavgrensa oppdrag.

Bemanningsføretak

På fleire store byggeprosjekt er det slik at entreprenøren som står for produksjonen, ikkje har nok eigne tilsette til å utføre jobben. Dei kan då leige inn personell frå bemanningsføretak. Dei som blir leigde inn, er tilsette i bemanningsføretaket, men har krav på same lønn og vilkår som dei som arbeider for entreprenøren. Når du er leigd ut til ei anna bedrift gjennom eit bemanningsføretak, er det framleis bemanningsføretaket som er arbeidsgivaren din. Vilkår for innleigd arbeidskraft er regulert i arbeidsmiljølova.

Eit bemanningsføretak har inga fagleg leiing og heller ikkje ansvar for opplæring. Ofte er det korte kontraktar for den som blir leigd ut. Når leigekontraktsperioden er over, har ikkje firmaet som leigde inn arbeidaren, lenger noko ansvar for rettane til denne personen, slik dei har for eigne tilsette. Er du tilsett i eit bemanningsføretak, er det heller ikkje sikkert at du har krav på lønn dersom føretaket ikkje har nokon å leige deg ut til. Det er heller ikkje sikkert at du har same krav på lønn under sjukdom.

Sjølvstendig næringsdrivande

Nokon går vidare og vel å registrere seg som sjølvstendig næringsdrivande etter å ha teke fag- eller sveinebrev. Du kan vere tilsett i eige føretak, men du har ikkje dei same rettane som du ville hatt viss du var tilsett i ei anna bedrift. Du må til dømes teikne sjukepengeforsikring hos NAV viss du skal få utbetaling under sjukdom.

Tek du på deg oppdrag i eigen regi, må du sørge for at enkeltpersonføretaket ditt er registrert i meirverdiavgiftsregisteret. Du må sjølv sørge for å setje av pengar til skatt og pensjon. Tek du på deg oppdrag som du ikkje fører rekneskap og melder inn meirverdiavgift for, blir det kalla svart arbeid. Svart arbeid er forbode, og det vil heller ikkje gi den som får utført arbeidet, nokon garanti for kvaliteten på det som er utført. Det blir utført av likevel svart arbeid i bygg- og anleggsbransjen for enorme summar kvart år.

Det er lett å starte eit enkeltpersonføretak, men det er viktig å tenke på at du er personleg ansvarleg for bedrifta. Føretaket er eigd av ein fysisk person, og risikoen for økonomiske konsekvensar kan derfor bli stor. Det bør alltid vurderast kva organisasjonsform ein vel. I mange tilfelle vil det vere tryggare å starte eit AS (aksjeselskap), men her blir det igjen stilt fleire formelle krav.

Nyttige lenker

Relatert innhald

Dei vanlegaste typane løn i bygg- og anleggsbransjen er akkordløn og timeløn.

CC BY-SASkrive av Magne Vågsland, Haldor Hove og Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2023

Læringsressursar

Arbeidsforhold og lønn