Hopp til innhald
Fagartikkel

Plan- og bygningslova

Lova som styrer all byggje- og anleggsverksemd, er: lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova). Ho er svært viktig, og det er fleire forskrifter og rettleiingar knytte til lova.

I § 1-1. Lovens formål, står dette:

  • Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner.
  • Planlegging etter loven skal bidra til å samordne statlige, regionale og kommunale oppgaver og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressurser.
  • Byggesaksbehandling etter loven skal sikre at tiltak blir i samsvar med lov, forskrift og planvedtak. Det enkelte tiltak skal utføres forsvarlig.
  • Planlegging og vedtak skal sikre åpenhet, forutsigbarhet og medvirkning for alle berørte interesser og myndigheter. Det skal legges vekt på langsiktige løsninger, og konsekvenser for miljø og samfunn skal beskrives.
  • Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak. Det samme gjelder hensynet til barn og unges oppvekstvilkår og estetisk utforming av omgivelsene.

Denne paragrafen seier oss at dette er ei svært viktig og omfattande lov. Ut frå denne lova er det laga forskrifter som gir nærare reglar om korleis ein skal rette seg etter lova.

Arealplan og reguleringsplan

Før ein kan gjere inngrep eller byggje i eit område, er det viktig å setje seg inn i kva planar som finst. Det er kommunen som har ansvar for at det er ein arealplan med kart som er ein del av kommuneplanen for heile kommunen. Eit slikt plankart viser kva ulike område kan eller skal brukast til. Dersom det er eit område som er regulert til bustadføremål, må det først vere laga ein reguleringsplan før ein kan få godkjent bygging. I tillegg til reguleringsplanen vil det også vere reglar som fortel korleis det kan byggjast.

Krav til bygget

  • Bygget må tole alle typar naturlaster som regn, vind og snø. I tillegg må vegen eller bygget stå støtt, slik at det ikkje flyttar seg eller blir utsett for ras.
  • Bygget må vere bygd og sikra mot at det skal oppstå brann og at brann kan spreie seg.
  • Bygget skal ha godt inneklima og gode materiale, slik at dei som bruker bygget, ikkje får problem med helsa.
  • Bygget skal ha ein kvalitet som gjer det eigna til det det skal brukast til.
  • Bygget skal vere energieffektivt. Det vil seie at behovet for energi til oppvarming, lys og mange andre behov skal vere så lite som mogleg.

For at desse krava skal bli oppfylte, er det mange ulike forskrifter. Byggteknisk forskrift og brannforskrift er svært sentrale. I tillegg til forskrifter er det laga standardar og rettleiingar for korleis ein skal kunne oppfylle dei krav som blir stilte.

Lenkjer

Hos Norsk standard og Byggforskserien kostar det pengar å få tilgang til det meste av fagstoffet. Det er ikkje offentleg og gratis.

CC BY-SA 4.0Skrive av Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2017