Hopp til innhald

Fagstoff

Brannsløkkingsapparat

Brannsløkkingsapparat er ein av fleire typar sløkkjeutstyr. Apparatet må vere lett tilgjengeleg dersom det skulle oppstå brann. Det er vanleg at ein har det heime og på stader der ein oppheld seg, og det må vere tilgjengeleg når du utfører varmt arbeid. Men er alle brannsløkkjarar like?
Eit raudt handsløkkjeapparat. Over apparatet er det eitt skilt med ei teikning av eit brannsløkkingsapparat, og eitt kor det står "brannslokker". Foto.

Ulike typar brannsløkkingsapparat

Det finst mange ulike typar , som bruker ulike middel for å sløkkje brann. Dei vanlegaste er pulver, skum og CO2. Kva type brannsløkkjar som eignar seg best, avheng av kvar det brenn, og kva som brenn.

Pulver

Pulver kan du bruke ved brann i dei fleste materiale og er derfor veldig vanleg. Pulveret forstyrrar forbrenningsprosessen og kveler brannen.

Bakdelen med pulver er at det fyk over alt og kan gjere skade på omgivnadene. Det er heller ikkje kjølande, og du bør derfor bruke det i kombinasjon med eit kjølande sløkkjemiddel der dette er nødvendig.

Skum

Skumsløkkjemiddel kan minne om ei såpebobleblanding og kan ha ulike eigenskapar avhengig av tjukna på skummet. Skummet inneheld mykje vatn og er derfor kjølande. Dette gjer at skum eignar seg godt til glødebrannar.

Skum eignar seg òg godt til brann i væsker, til dømes matolje. Fordi det er lettare enn væska, vil det danne eit vernande lag på overflata. Dette gjer at materialet, eller væska, ikkje får tilgang på oksygen, og brannen sloknar.

CO2

CO2 er den kjemiske formelen for karbondioksid. Det er ein gass som er tyngre enn luft, og kvelande. Den fortrengjer, eller dyttar vekk, oksygenet i lufta, som brannen er avhengig av for å vekse, og er derfor godt eigna som sløkkjemiddel.

CO2 eignar seg til sløkking av brann i væsker, til dømes matolje, og i elektriske anlegg. Gassen eignar seg dårleg til sløkking utandørs på grunn av vind. Han har liten kjølande effekt og eignar seg ikkje til brannar med mykje glør.

Brannsløkkingsapparat og varme arbeid

Viss du utfører , må du ha eit gyldig kursbevis, og du må kjenne til at det er eigne reglar for kva typar brannsløkkingsapparat som er godkjende. Du skal til dømes alltid ha to godkjende handsløkkjemiddel på 6 kg tilgjengelege. Eit av desse kan du byte ut med brannslange med vatn der vatnet er skrudd på fram til munnstykket.

Vedlikehald av brannsløkkingsapparat

Det kan vere katastrofalt viss det brenn og sløkkjeutstyret ikkje fungerer. Alle sløkkjeapparat skal derfor kontrollerast jamleg. Du skal sjekke trykkmålaren på apparatet, der pila som viser trykk, skal peike på det grøne feltet. Pulverapparat må du vende opp ned minst ein gong i året så ikkje pulveret fester seg i botnen.

Bruk av brannsløkkingsapparat

Det er viktig at eit brannsløkkingsapparat blir rett brukt når ein brann må sløkkjast. Gjer deg kjend med kva du kan gjere viss ein brann skulle oppstå i omgivnadene dine. Er det brannsløkkingsapparat eller brannslange tilgjengeleg? Nytt moglegheita dersom du kan få teste eit brannsløkkingsapparat i kontrollerte omgivnader.

Nokre sløkkjeapparat har munnstykke (som på biletet), mens andre har slange. Ved bruk må du dra ut sikringa og peike strålen rett mot rota av flammane.

Klikk på videoen under for å sjå korleis du sløkkjer brann med pulverapparat.

Slik slukker du en brann med pulverapparat (youtube.com)

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim og Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2019

Læringsressursar

HMS for arbeidstakaren