Fagartikkel
Risikovurdering og risikoanalyse
Risikovurdering handlar om kva som kan føre til skadar eller sjukdom på arbeidsplassen din, slik at du kan vurdere om du har teke tilstrekkelege forholdsreglar eller om du bør gjere meir for å førebyggje.
Ei risikovurdering/kartlegging er ein grundig gjennomgang av kva som kan føre til skadar eller sjukdom på arbeidsplassen din, slik at du kan vurdere om du har teke tilstrekkelege forholdsreglar eller om du bør gjere meir for å førebyggje.
Målet er at ingen blir skadde eller sjuke. Ulykker og dårleg helse kan øydeleggje eit menneskeliv, samstundes som det kan få konsekvensar for verksemda i form av fråvære, produksjonstap, øydelagt utstyr osv.
Tre enkle spørsmål er kjernen i risikovurderinga:
- Hva kan gå galt?
- Hva kan vi gjøre for å hindre dette
- Hva kan vi gjøre for å redusere konsekvensene dersom det skjer?
Kartlegging
Arbeidsmiljølova krev at alle verksemder skal kartleggje risikoen på arbeidsstaden. Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for å gjennomføre kartlegginga.
Fire trinn for ei enkel risikovurdering
- Finn farekjeldene
- Kva kan skje, og kor sannsynleg er det?
- Kva kan vi gjere for å hindre det?
- Tiltak og vidare arbeid
Systematisk HMS-arbeid føreset og ein plan for oppfølging av eventuelle problem.
- Det finst ei rekkje ulike metodar for å gjennomføre risikovurderingar. Metoden som blir brukt på arbeidsplassen din, er det leiinga som avgjer.
- Omgrepa risikoanalyse, risikoevaluering, risikovurdering og risikostyring er omgrep du skal kjenne til. Dei blir brukte på ulike måtar.
- Du må sjølv be om forklaring frå arbeidsplassen din om dette er uklart. SJA = Sikker jobb-analyse