Mistanke om hjerneslag
Teikna vil vere dei same anten det er blodpropp eller hjernebløding.
- personen er skeiv i munn/ansikt
- nedsett kraft i ein av armane
- problem med å snakke
For å undersøke om personen kan ha fått eit hjerneslag, bruk hugseregelen
- PRATE – be personen å om å seie ei enkel setning samanhengande.
- SMILE – be personen om å prøve å smile, le eller vise tennene.
- LØFTE – be personen om å prøve å løfte opp begge armane.
Viss personen har problem med å utføre ei eller fleire av oppgåvene over, ring 113 – her tel kvart sekund. Her vil du få rettleiing og hjelp.
Overvak personen etter prinsippa for den første undersøkinga.
Det er viktig å vite at dei fleste som får hjerneslag, er personar over 75 år, men hugs at personar i alle aldrar, òg unge og barn, kan få hjerneslag. Dei aller fleste personane som har fått hjerneslag, vil ha problem med å utføre ei eller fleire av oppgåvene som er nemnde over.
Helsedirektoratet. (2016). Hva er hjerneslag? Henta 27. mai 2020 frå https://helsenorge.no/sykdom/hjerne-og-nerver/hjerneslag/hjerneslag-arsaker
Hjerneslag. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken. (6. utgåve). Henta 24. november 2019 frå https://www.lvh.no/symptomer_og_sykdommer/nervesystemet/cerebrovaskulaer_sykdom/hjerneslag
Hjerneslag. (2014). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 24. november 2019 frå https://nhi.no/animasjoner/nervesystemet/hjerneslag/
Relatert innhald
Når du står overfor ein person som treng førstehjelp, må du først finne ut kor alvorleg situasjonen er.