Som førstehjelpar ved ulykker er det viktig at du tenkjer på eigen tryggleik før du set i gang førstehjelp. Det er òg viktig å varsle riktig for å sikre rask hjelp.
I nokre tilfelle må du gjennomføre sikringstiltak før du går inn i situasjonen, til dømes ved
- trafikkulykker
- ulykker med farleg gods
- ulykker med fare for brann
Varsle 113
Kontakt medisinsk nødtelefon 113 viss
- det er fare for liv eller helse
- det er behov for rask hjelp
- du er usikker på kva du skal gjere og treng hjelp og råd
Når du ringjer 113, vil du få råd og rettleiing om kva du bør gjere på skadestaden.
Oppgi tydeleg og nøyaktig:
- Kven ringjer?
- Kva har skjedd?
- Kor mange er skadde?
- Er pasienten vaken?
- Kvar er skadestaden?
Relatert innhald
Nettside hos helsenorge.no
CC BY-NC-SASkrive av Ingvild Skjetne, Agnes Brønstad og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2019