Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Brønnkontroll og simulatorarbeid

Førelesing og presentasjon

Test av formasjonsstyrke (boresimulator)

Formasjonen vi borar i, har ei øvre grense for kor mykje trykk ho toler.

Vi må teste kor høgt trykk vi kan tilføre brønnen ved boring og brønnarbeid. I simulatoren får du øve på praktisk gjennomføring av leak off test (LOT).

I denne simulatorøvinga skal du lære korleis ein leak off test blir gjennomført. Du lærer òg korleis du kan berekne kor høgt trykk formasjonen toler. Trykkgrensa blir brukt til å berekne kva som er det maksimale trykket vi kan tillate i ringrommet på overflata (MAASP) utan at brønnen blir ustabil. Verdien kan òg brukast til å berekne kor tung borevæske vi kan bruke før neste må setjast.

Klargjering før testen

Når vi har sett og sementert casingen, borar vi ut gjennom casing og cirka 3–5 meter inn i formasjonen. Deretter blir væska sirkulert i brønnen, slik at restar av casing, og sement blir førte opp til overflata. Til slutt tek vi ei prøve for å stadfeste densiteten på væska som er i brønnen.

Vi trekkjer borestrengen nokre meter opp frå botnen av holet og er klare for LOT.

Før vi gjennomfører testen, må vi ha klar ein tabell der vi kan notere trykkutviklinga undervegs, og eit ruteark der vi kan teikne inn ein graf over trykkutviklinga.

Gjennomføring av formasjonstesten

Ventilane i på overflata må stå i rett posisjon. Når vi skal teste formasjonen, må vi stengje brønnen i , slik at tilført trykk verkar mot formasjonen. Vi stengjer altså både ein ventil i BOP, vanlegvis annular preventer, og choke-ventilen i choke-manifolden.

Til testen bruker vi sementpumpa, som leverer mindre væskevolum per slag enn ei slampumpe. Sementpumpa blir kopla opp til slamtanken, og ventilen på standpipe-manifolden blir opna inn til brønnen. Vi gjennomfører testen ved å pumpe sakte med sementpumpa inn i brønnen.

Trykkutviklinga er nesten rettlinja (lineær) så lenge formasjonen toler trykkutviklinga.

Trykket stig til formasjonen begynner å gi etter (leke). Først utvidar formasjonen seg litt, og det kan sjå ut som ei utflating i trykkstigninga. Når formasjonen begynner å leke, flatar trykkstigninga heilt ut, og dersom vi held fram med å trykkje opp, vil formasjonen sprekke heilt, slik at trykket fell.

Ein formasjonsintegritetstest (FIT) testar formasjonen utan å gå så langt at han begynner å leke. Då testar vi formasjonen til eit førehandsbestemt trykk. Vi stoppar nesten når vi har oppnådd det naudsynte trykket. Då har vi fått stadfesta at formasjonen toler det trykket som er naudsynt for vidare boring fram til neste casing skal installerast. FIT bruker vi når vi borar i kjende område, mens LOT blir brukt i ukjende eller lite kjende formasjonar.

Målingane kan vi bruke til å rekne ut kor høg trykkgrense vi skal forhalde oss til i brønnen før vi må setje neste casing. For å unngå problem vil vi alltid halde oss under grenseverdien.

Prosedyre for simulatorøvinga

Refleksjon

Etter øvinga kan de diskutere saman og svare på desse spørsmåla:

  • Etter at formasjonen sprakk, stoppa vi pumpa og observerte at trykket sokk. Trykkfallet flata ut og stoppa på eit lågare nivå. Kva er viktig med slutt-trykket?
  • Kvifor er det viktig å halde seg under den trykkgrensa vi har berekna som MAASP?

Øvinga kan skrivast ut frå dette dokumentet:

CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 18.07.2017