Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Brønnkontroll og simulatorarbeid

Førelesing og presentasjon

Sirkulasjon i brønnen (boresimulator)

Bli kjend med kontrollpanelet som blir brukt under boring og sirkulering av væsker. Du skal observere friksjonstrykket etter kvart som vi endrar på væskestraumen og væskefarten.

Sentralt i emnet

  • klargjering av manifold og ventilar
  • trykket i botnen av brønnen når returen blir teken ut gjennom chokeline
  • sirkulasjonstrykk = friksjonstrykk

Øvinga i hovudtrekk

Når vi borar, må vi alltid sirkulere væske i brønnen. Derfor skal du først klargjere overflateutstyret for sirkulasjon. Når du startar pumpene, blir væske sirkulert innvendig i borerøyra, ned i brønnen, ut i ringrommet og opp til slambehandlingsutstyret på overflata.

Denne øvinga handlar om å starte sirkulasjon riktig, lese av trykk, omdirigere returen gjennom BOP-en og observere korleis trykket utviklar seg når vi tek returen ut gjennom .

Klargjering av sirkulasjonssløyfa

Sirkulasjonssløyfa går frå pumpene til standpipe manifold, til top drive, inn i borestrengen, ut gjennom dysene i borekrona, ut i ringrommet (brønnen) og opp til returlinja på overflata.

Når vi skal klargjere for sirkulasjon, må vi setje ventilane på standpipemanifolden i rett posisjon og passe på at ventilane i BOP-en står i open posisjon slik at det er ope frå pumpa til brønnen og frå ringrommet til overflateutstyret.

Trykkavlesing

Først finn du eit måleinstrument på drillers panel som viser leveringstrykk i systemet, og eit måleinstrument som viser returtrykket. Trykket på leveringssida kan målast ved pumpene, i standpipe manifold og i top-drive-overgangen til borerøyra.

Når BOP-en blir stengd rundt borestrengen, må vi opne chokeline-ventilane slik at returen kjem til overflata gjennom chokemanifolden. Målepunktet for returtrykk ligg i chokeline føre . Det betyr at vi kan måle kor mykje trykk som oppstår når vi strupar innvendig i choken.

Når du skal samanlikne trykkutvikling i ulike situasjonar, er det viktig at du vel eitt avlesingspunkt for leveringstrykket (drillpipe pressure) og eitt for returtrykket (casing pressure) og bruker det same under heile øvinga.

Simulatorøving – måling av friksjonstrykk

Øvinga kan skrivast ut frå dette dokumentet:

  • Simulatorøving om sirkulasjon og friksjon

  • Relatert innhald

    CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
    Sist fagleg oppdatert 18.07.2017