Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Brønnkontroll og simulatorarbeid

Arbeidsoppdrag

Drillers metode på boresimulator

I denne simulatorøvinga skal du praktisere arbeidsoppgåvene som er sentrale ved boring og dreping av ein brønn.

Situasjonen som skal simulerast

Utgangspunktet er på ein fast installasjon med tørr BOP. Brønnen er påbyrja, førre casing er sett på 1200 meters djup. Slamdensiteten i brønnen er 1,25 sg. Brønnen er vertikal. Du skal bore vidare frå 1703 meter.

Før boringa startar, har du sjekka kor stor friksjonen er i systemet (slow circulating rate – SCR) og logga det i eit killsheet. Deretter har du starta boringa, men du får signal på at brønnen er ustabil (drilling break). Då stoppar du boreaktiviteten og sjekkar brønnen (flow check). Når du har stadfesta at det er eit kick, drep du brønnen med drillers metode for å rette opp igjen primærbarrieren i brønnen.

Slik gjer du dei ulike trinna

1. Måling av friksjonen i systemet (slow circulation rate – SCR)

  1. Klargjer standpipe-manifold og BOP-panelet slik at returslamstraumen går opp i ringrommet.

  2. Steng choken på panelet.

  3. Start ei slampumpe og bring ho opp i 40 SPM.

  4. Les av sirkulasjonstrykket (på DP-manometeret) ved denne pumpefarten.

Dette trykket er _______ bar. Du har no målt kor stort friksjonstrykket er gjennom brønnen, opp riser ved 40 SPM. Denne informasjonen må brukast dersom du får eit kick som skal sirkulerast ut.

2. Brønnskildring og boring

Status

  • Slamdensiteten er 1,25 sg.
  • Formasjonsstyrketest er teken på 1205 m, og tilsvarande slamdensitet er berekna til 1,85 sg.
  • Innvendig volum i borestrengen svarer til 904 pumpeslag (Surface to Biter).
  • Volum i ringrommet svarer til 2566 pumpeslag (Bit to Surface).

Brønnen skal borast med dei følgjande boreparameterane:

  • Pumpetrykk: 210 bar
  • Rotasjon: 110 rpm
  • W.O.B.: 15000 daN = 15 tonn

Slik gjer du boringa:

  1. Start sirkulasjon av brønnvæska, start rotasjonen på borestrengen, senk borekrona til botnen av brønnen, og legg på vekta.

  2. Still inn alarmar på høgt og lågt nivå på returflow og -tank (pit gain) på styringspanelet til drilleren.

  3. Start boring.

Overvak under boringa:

DJUP

1703

1703,5

1704

1704,5

1705

Borehastigheit (ROP)

WOB

Flow

3. Indikasjonar på innstrøyming og stengeprosedyre

Dersom du får mistanke om innstrøyming (kick), bruk den følgjande prosedyren:

  1. Trekk borekrona av botnen.

  2. Stopp rotasjonen.

  3. Stans pumpene.

  4. Sjekk om du har returslamstraum (flow check).

  • Dersom brønnen strøymer (kick), må brønnen stengjast. Steng annular preventer og opn choke line på BOP-en.

  • La forholda stabilisere seg eit par minutt.
  • Les så av dei følgjande opplysningane:

Shut In Drill Pipe Pressure

Shut In Casing Pressure

Pit Level Increase

bar (SIDPP)

bar (SICP)

m3

4. Utsirkulering etter drillers metode

  • Nullstill pumpeslagsteljaren.
  • Berekn drepeslam for brønnen ved å bruke formelen under.

d2 = d1 + SIDPP/(g ∙ h)

  • Berekn starttrykk på denne måten:

ICP = SIDPP + SCR = starttrykk

= _______ bar (ICP)


  • Få pumpa sakte opp i 40 SPM mens du prøver å halde drill-pipe-trykket konstant på starttrykk-verdien (ICP).

    (Eit knep som ofte blir nytta, er å halde casing-trykket konstant mens pumpa blir akselerert.)

  • Sirkuler ut innstrøyminga (gassen) frå ringrommet mens du held trykket på drill-pipe konstant.

5. Brønndrepinga

  • Når heile innstrøyminga er gått ut over choken, blir innpumpinga av drepeslam starta.

  • Nullstill pumpeslagsteljaren når pumpinga av drepeslammet startar.

  • Hald casing-trykket konstant ved hjelp av choken (= SIDPP) til borestrengen er fylt med drepeslam.


    Kor mange pumpeslag trengst?



    Svar: _______ slag



  • Når drepeslammet når botnen, les du av

    drill-pipe-trykket til å vere _______ bar. Dette trykket blir halde ved hjelp av choken til drepeslammet kjem i retur til overflata.

  • Stopp pumpa når heile brønnen er fylt med drepeslammet.

  • Ta ein flow check for å sjå om brønnen er død.

Du har no gjort ei utsirkulering av kick etter drillers metode.

Relatert innhald

Fagstoff
Brønndreping

Brønndreping blir utført når vi har fått eit kick. Her finn du litt om teorien og metodane.

CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 17.07.2017