Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utrekning av pris på brudepakke hos frisør

Det er vanleg å tilby bruda ein pakke med prøvetime/konsultasjon, brudefrisering med makeup og oppsett eller styling av forlovar. Dette er ofte ei hyggeleg stund for brud og forlovar og inkluderer gjerne lette forfriskingar. Her er døme på utrekning av pris.

Vakker brud som ser på blomsterbuketten sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på utrekning av pris på brudepakke

Ein flott frisyre er viktig på den store dagen. Ein prøvetime gir frisøren moglegheit til å bli kjend med kunden og håret hennar. De kan planlegge den frisyren som framhevar trekka til kunden og passar til brudekjolen.

Krølling av hår på ei kvinne hos ein frisør. Både kunden og frisøren smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrep

Påslagstalet er talet du gonger innkjøpspris med for å finne ut kva kunden må betale for eit produkt. Dette talet ligg som regel mellom 2,5 og 6.

Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten på sal av produkt. I ein påslagskalkyle er meirverdiavgifta inkludert.

Oppgåve

Set opp ein priskalkyle etter oppsettet nedanfor, der alt i brudepakken er inkludert.

priskalkyle

Skildring

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslags-tal

Utsalspris per stk. inkl. mva.

Total utsalspris inkl. mva.

Produkt til hår

1

kr 75

4

Spenner, hårnåler

1

kr 30

4

Eplemost, frukt, kaffi og konfekt

1

kr 350

2

Blomsterkrans, enkel

1

kr 350

2

Makeup

1

kr 150

4

Prøvetime/ konsultasjon

1,5

kr 582

Makeupartist arbeidspengar

1

kr 582

Frisør arbeidspengar

2

kr 582

Styling forlovar

1

kr 582

Makeup forlovar

0,5

kr 582

Sluttsum brudepakke

Løysing
priskalkyle

Skildring

Tal

Innkjøpspris per stk. utan mva.

Påslags-tal

Utsalspris per stk. inkl. mva.

Total utsalspris inkl. mva.

Produkt til hår

1

kr 75

4

kr 300

kr 300

Spenner, hårnåler

1

kr 30

4

kr 120

kr 120

Eplemost, frukt, kaffi og konfekt

1

kr 350

2

kr 700

kr 700

Blomsterkrans, enkel

1

kr 350

2

kr 700

kr 700

Makeup

1

kr 150

4

kr 600

kr 600

Prøvetime/ konsultasjon

1,5

kr 582

kr 873

Makeupartist arbeidspengar

1

kr 582

kr 582

Frisør arbeidspengar

2

kr 582

kr 1 164

Styling forlovar

1

kr 582

kr 582

Makeup forlovar

0,5

kr 582

kr 291

Sluttsum brudepakke

kr 5 912

Pris for denne brudepakken er 6 000 kroner (runda opp).

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med utrekninga over.

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2022

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod